Utleige

Operahuset er til for alle! Allsidig bruksområde: Konsertlokale, kurs, møte, konferanse, undervisning, show, events, teater, opera, musikal, messer, dans, selskap, kino, show, revy osv.

 

Kontakt oss viss du er interessert i å leige eller ønskjer meir informasjon! 

 

Operasalen:

- Amfi med galleri, scene, orkestergrav, 5 garderobar, toalett og dusjar
- Sal utan orkestergrav: 530 sete, inkl 6 handikapplassar (tre rullestolar). 218 av seta er på galleriet.
- Sal med orkestergrav 484 sete, inkl 6 handikapplassar (tre rullestolar). 218 av seta er på galleriet.
- Scene 14 x 10 m. Høgde 12 m.
- Orkestergrav, hev- og senkbar.
- Svært god akustikk, ein draum for akustisk musikk! Avansert støydemping gjer at også annan type musikk òg høver godt i salen.

 

Teknisk utstyr operasalen Scenerigg og trekk operasalen

 

Utleigeprisar operasalen 2021:

- Frivillige lag og organisasjonar: 5068 kr per kveld/dag + 10 % av brutto billettinntekter ved billettsal

- Kurs, konferansar, private mm: 10115 kr per dag 

- Private/kommersielle arrangement: Pris etter avtale

- Teknikar lyd, lys, scene: 3275 kr per vakt per teknikar (ca 8 timar)

- Teknikar per time: 433 kr
- Billettavgift per selde billett: 25 kr (inkl webavg)


Kinosalen:

- Amfi med 105 sete, inkl 6 handikapplassar (tre rullestolar).

- Kinosalen er svært godt eigna til undervisning, møte og konferansar i tillegg til kino

- Stort lerret, mikrofonar og AV-rack med PC-tilkopling, dokumentkamera, smartboard og DVD.

 

Utleigeprisar kinosalen 2021:

- Frivillige lag og organisasjonar: 2802 kr per kveld/dag + 10 % av brutto billettinntekter ved billettsal

- Kurs, konferansar, private/kommersielle arrangement mm: 5068 kr per kveld/dag

 

 
Foajé, kantine, kiosk, kjøken:

- Foajé/kantine med plass til om lag 300 personar.

- Foajeen er kantine for Eid vidaregåande skule på dagtid måndag-fredag.

- Foajeen vert brukt som "stimleplass" ved arrangement i kultursalen og kinosalen.

- Foajeen er godt eigna til selskap, middag, dans osv.

- Dekketøy 

- Kjøkenet kan brukast til å tilberede og selje enkel mat og kioskvarer. Frivillige lag og organisasjonar får bruke kjøkenet gratis når ein leiger kultursalen/foajeen til arrangement.

 

 Utleigeprisar foajeen 2021:

- Frivillige lag og organisasjonar: 4089 kr per kveld/dag + 10 % av brutto billettinntekter ved billettsal

- Kurs, konferansar, private/kommersielle arrangement: 8425 kr per kveld/dag 

 

Generelle leigevilkår

1.  Operahuset Nordfjord kan leigast til konsertar, teater, møter, stemne og andre føremål.

 

2.  All leige av Operahuset Nordfjord skjer gjennom operahusleiaren.

 

3.  Leigetakar er ansvarleg for å gjere seg kjend med huset (branninnstruks, teknisk anlegg, m.m) og reglement for utleige.

 

4.  Lyd-/lysanlegg skal berre brukast av fagpersonar. Dersom arrangør ynskjer å nytte andre fagpersonar enn dei som står oppført i avtaleskjema, må dette avtalast på førehand. Minst ein fagperson frå Operahuset Nordfjord skal likevel ha det overordna ansvaret, og kan ikkje erstattast av andre.

 

5.  Ved sal av billettar skal leigetakar nytte Operahuset Nordfjord sitt billettsystem. Administrasjon av billettsystemet, sal av billettar på internett og andre utsalsstader både før og på arrangementsdagen, er inkludert i leigeprisen/billettavgifta.

 

6.  Bruk av spesialeffektar skal avtalast/avklarast på førehand (bruk av røykmaskin, etc.)

 

7.  Inkludert i leieprisen er opphenging av plakatar i Operahuset Nordfjord og tre-fire plassar på Nordfjordeid, samt marknadsføring via www.operahuset.no.

 

8.  Arrangør/leigetakar er ansvarleg for rydding etter arrangementet. Manglande rydding vert fakturert leigetakar.

 

9.  Skade eller manglar som vert oppdaga før arrangementet tek til, må meldast frå om umiddelbart. Leigetakar er økonomisk ansvarleg for skade på bygg eller utstyr som skuldast hærverk eller uforsiktig framferd.

 

10.  Enkeltpersonar eller lag/organisasjonar som ikkje følgjer vilkår for leige kan bli nekta leige ved seinare høve.

 

11.  Ved avlysing av arrangement/oppseiing av avtale:
a.  mindre enn 4 veker før arrangementet: 50% av grunnleiga vert fakturert.
b.  mindre enn 2 veker før arrangementet: 100% av grunnleiga vert fakturert.

 

12. Catering og skjenking etter nærare avtale med Operahuset Nordfjord.

 

13. Kjøkken kan ikkje nyttast til tilbereding av varm mat (t.d. middag). Arealet er godkjent for oppvarming og servering av varm mat, samt produksjon og servering av kalde rettar. Bruk av kjøkenet avtalast i kvart einskild tilfelle med Operahuset Nordfjord.

 

14. Opningstid:
Måndag-fredag kl 08.00-23.00  
Laurdag-søndag 10.00-23.00 
Utvida opningstid kan avtalast mot tillegg i pris.

 

15. Vakter som vert brukte under arrangement i Operahuset Nordfjord må vere over 20 år. Arrangementsansvarleg og vaktene pliktar å gjere seg kjend med gjeldande branninstruks og rømningsvegar for Operahuset Nordfjord.