Personvern

Vi ønskjer med dette å informere deg om kva slags personopplysningar vi lagrar i samband med ditt besøk på nettsida vår operahuset.no, og kva slags føremål dei blir brukte til.

Ein informasjonskapsel er ei tekstfil som ved besøk eller interaksjon med ei nettside blir lagra i nettlesarminnet. Hensikta med slike kapslar er å huske tidlegare brukarinnstillingar og gje ei meir personleg tilpassa brukaroppleving, eller innhente statistikk som gjev innsikt i brukaråtferd slik at nettsida kan optimaliserast. Denne nettsida nyttar informasjonskapslar, men samlar ikkje på data som kan identifisere deg eller som vil kunne krenke personvernet ditt.

Nettstaden vår er installert på ein server der alle besøk vert lagra i ein besøkslogg og ein feilmeldingslogg der IP-adressa di blir knytt til besøket og tidspunktet for besøket. Dette gjer vi for å kunne feilsøkje eventuelle problem, utlevere data til styresmakter dersom dei krev det, samt å kunne identifisere og sperre for hackerangrep. Persondata som blir samla inn på nettstaden vår, blir oppbevart i ein sikkerthetskopi i inntil 6 månader etter at data er sletta. Dette fordi vi er avhengige av å kunne hente inn all data i tilfelle det oppstår et fullstendig datatap.

Du kan nytte nesten alt innhald på nettsida vår utan å oppgje dine data. Når og i kva grad vi registrerer og behandlar personopplysningar når du brukar nettsida, får du informasjon om her:

 

Google Analytics

Nettsida brukar Google Analytics som analyseverktøy, der informasjonen er lagra på ein av Google sine servarar. Informasjonen er underlagt Google sine retningslinjer for personvern.  

 

Skjema­innsending

Hvis du ønskjer å bruke vårt kontaktskjema, eller andre skjema på nettsida, vil innsamla data berre bli brukt av oss og berre i den grad det er nødvendig for å drive kundeservice.

 

Difor lagrar vi informasjon

Vi lagrar informasjon av fleire grunnar:

  • For at systemet skal kunne kjenne igjen brukarane våre, for å kunne bruke tenestene 
  • Utvikle og forbetre tenestene våre, gjennom å forstå korleis dei brukast
  • Behandling av søknader

 

Dette brukar vi ikkje informasjonen til


Informasjon du oppgjev til oss blir berre lagra i våre system. Informasjonen vil ikkje seljast vidare, og 
vil berre nyttast til å gje deg som brukar meir relevant informasjon og bete tenester. Tredjepartar (som til dømes Google Analytics og Youtube) vil kunne hente ut IP-adresse og data basert på dine surfemønster. Vi er pliktige å sjå til at desse tredjepartane behandlar data i tråd med norsk regelverk.

Informasjon som lagrast lokalt

  • Data blir lagra hos Seria sin underleverandør Microsoft, i skyløysinga Azure i Oslo.
  • Data blir lagra i seks månader.

 

Behandlingsansvarleg

Personopplysningane dine vil bli behandla av Seria AS, som er behandlingsansvarleg, og våre IT-leverandørar for det føremål å levere tenester og for å betre tenestene. Vi engasjerer dessutan nokre gonger andre firma for å bidra til vår utvikling, og vi kan i slike tilfelle gje desse firma dei opplysningane dei treng for å utføre dette. Personopplysningane dine vil elles ikkje bli utlevert til andre utan at du har gjeve ditt samtykke, eller vi er rettsleg plikta til utlevering. Personopplysningane dine blir lagra innanfor EU/EØS-området, og i samsvar med norsk personvernlovgjeving.

YouTube

Vi nyttar YouTube for å vise videoar. YouTube lagrar cookies, som t.d. personlege innstillingar og informasjon om bandbreidde. Dette er til liks med Google Analytics også underlagt Googles retningslinjer for personvern.

 

Google AdWords

Dersom vi i ein tidsperiode nyttar oss av Google AdWords og sporar handlingar som eit resultat av klikk på ei annonse, vil Google samle informasjon for å tilpasse annonser for brukarar basert på interesser og tidlegare nettstadbruk. Denne målrettinga bidreg til meir relevant marknadsføring for deg som brukar. I samsvar med Google sin personvernpolitikk vert det ikkje samla inn eller brukt informasjon som kan brukast til å identifisere individ.

Kontaktinformasjon

Operahuset Nordfjord v/Stad kommune, org.nr. 921 060 157
Besøksadresse: Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid
Postadresse: Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Telefon: 57 88 58 00
E-post: post@operahuset.no