Ditt besøk

Billettinformasjon

Billettar til kino og arrangement kjøper du her på nettsida, på ebillett eller i den  geniale appen eBillett.
Ledige billettar blir også selde i billettskranken i operahuset om lag ein time før arrangementstart.
Stad bibliotek i operahuset sel òg billettar.

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.

Treng du hjelp? Sjekk hjelpesidene til ebillett eller kontakt post@ebillett.no eller post@operahuset.no / kino@operahuset.no.

Aldersgrenser

Aldersgrenser kinofilm:

Tillate for alle

Tillate for alle

Fylt 6 år

Fylt 6 år
Alle barn saman med vaksne

Fylt 9 år

Fylt 9 år
6 år saman med vaksne

Fylt 12 år

Fylt 12 år
9 år saman med vaksne

Fylt 15 år

Fylt 15 år
12 år saman med vaksne

Fylt 18 år

Absolutt aldersgrense

Barnebillett

Aldersgrensa for barnebillett er til og med 14 år. Frå 15 år og oppover betaler ein ordinær billett. Det er alderen på arrangementsdagen som gjeld.
På ein del arrangement er det ikkje barnebillett, då betaler barn ordinær billett.

Illustrasjonsfoto av operasalen, med publikum som er på veg til seta sine. Personane er ganske uklare og uidentifiserbare og i fart.

Universell utforming

Rullestolplass

Plass til rullestol bestiller du på post@operahuset.no, eventuelt på biblioteket eller i billettskranken viss det er ledige plassar.
Både operasalen og kinosalen har plass til rullestolar. Vi tek då vekk sete på spesiell stad i salen, difor må plassane bestillast på førehand.

Trapper

Operasalen: Det er lang trapp opp til galleriet (rad 12-18), ikkje tilkomst via heis. Dei som har vanskar med å gå trapper, bør difor kjøpe billettar nede i salen. I amfiet der er seterad 5 utan trappetrinn, på same høgde som golvet elles. Dei som ikkje sit i rullestol, men ikkje kan gå trapper, bør difor kjøpe billettar på rad 5.
Kinosalen: Rad 1 er på golvnivå. Rad 2-7 er i amfi med tilkomst via trapp. 

Følgjekort

Operahuset Nordfjord aksepterer følgjekort/ledsagerbevis . Med eit slikt bevis, kan vedkomande ha med gratis følgje på kino og arrangement. På nokre arrangement kan ledsagerbillett kjøpast på nett. Elles kan dei kjøpast på biblioteket, i billettskranken eller ved å kontakte post@operahuset.no.

Teleslynge

Operasalen: Teleslynge på rad 6-9. Litt avhengig av type hørselstap, kan ein også få inn teleslynge andre stader i salen. Nokre vil ha problem på dei tre ytste seta på rad 6-9.  
Kinosalen: Teleslynge i heile salen.

Handikapparkering

Parkeringsplassar for forflyttingshemma finst ved hovudinngangen på sørsida av operahuset. Ved den inngangen er det heis opp i foajeen. Inngang aust og vest har tilkomst på bakkeplan.

Parkering

Parkeringsplassar finst det rikeleg av ved og nær Operahuset Nordfjord. Flest parkeringsplassar finst bak operahuset, på nordsida og vestover. Det er også mogleg å parkere ved Eid idrettshus, Eid kyrkje, Nordfjord sjukehus og elles i sentrum. 
Parkeringsplassar for forflyttingshemma ligg ved hovudinngangen på sørsida av operahuset.

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett sørover med parkeringsplassar i framgrunnen og Nordfjordeid sentrum i bakgrunnen

Mat og drikke

Kinokiosken er open om lag ein halv time før filmstart. Her sel vi nylaga popcorn og eit variert utval av snop som du kan kose deg med i kinosalen. 

På arrangement sel vi vanlegvis kaffi og noko attåt kaffien. 
Opera Nordfjord og andre arrangørar har ofte bar eller kafé på sine arrangement.
Sjå eigen informasjon om dette for kvart arrangement, i tillegg til informasjon i e-posten som billettkjøparane får nokre dagar i forkant. 

Bortsett frå vatn, er det ikkje lov å ha med mat eller drikke inn i operasalen. 

I skuletida er her kantine i foajeen, i regi av Eid vidaregåande skule. Denne er open for alle. 

På Nordfjordeid og elles i Stad og Nordfjord har vi mange flotte stader der du kan stille svolten og sløkkje tørsten. Sjekk Hjartestad og  Visit Nordfjord

Vi ønskjer deg hjarteleg velkomen til Nordfjordeid, Stad og Nordfjord! Treng du overnatting, sjekk Hjartestad og Visit Nordfjord.

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord

Illustrasjonsfoto av operasalen, med publikum som er på veg til seta sine. Personane er ganske uklare og uidentifiserbare og i fart.

Hjarteleg velkomne til varierte opplevingar hos oss! 

Sjå heile programmet