Operahuset Nordfjord er samlokalisert med Eid vidaregåande skule. Sambruk mellom skule og kultur er opphavet og eksistensen til anlegget. På dagtid sydar huset av liv frå om lag 400 elevar og 90 tilsette, om kvelden er dei same lokala fylte opp av kultur. Kinosalen blir brukt til skuleauditorium på dagtid. Biblioteket er også skulebibliotek. Foajeen er også skulekantine. Og i operasalen kan heile skulen samlast.
Opera Nordfjord og Eid vgs samarbeider også tett, om mellom anna kulissebygging og rekvisittar.
Samarbeidet mellom skule og kultur gjev store effektar både økonomisk, sosialt og kulturelt.
Malakoff er ein annan nær samarbeidspartnar, om til dømes Gymmen.
Operahuset er ein del av kultureininga i Stad kommune.
Her er nulltoleranse for trakassering og diskriminering, vi er innehavar av Balansemerket.
Vi er medlemmer i Norske kulturhus.
Les meir om huset i tiårsjubileumsmagasinet.
Fasilitetar
Operasalen
Operasalen har 530 gode sete og er spesialtilpassa akustisk musikk, men høver godt til alle sjangrar. Scena er 14 x 10 meter, 12 meter høg. Her er sjølvsagt hev- og senkbar orkestergrav. Godt og rikhaldig teknisk utstyr innan lyd, lys, AV og scene.
Kinosalen
Kinosalen har 105 gode sete og fungerer godt som lokale for møte, kurs og konferansar i tillegg til kino. Eid vidaregåande skule brukar kinosalen som auditorium i undervisninga. Her er stort lerret, mikrofonar og AV-rack for ulike tilkoplingar.
Foajeen
Foajeen er også både skulekantine og godt eigna som selskapslokale for store anledningar som bryllaup, konfirmasjon og runde dagar. Bord og stolar til 200 personar står fast framme, det kan dekkast til fleire med ekstra tilpassing og utstyr.
Historia
Operahuset Nordfjord stod ferdig 1. mars 2009 og vart offisielt opna av dåverande kulturminister 25. april same år. Namnet seier opera, men dette huset er heile Nordfjord si storstove der alle typar scenekunst får boltre seg.
Publikumssuksessen til Opera Nordfjord var ein viktig, utløysande faktor for å få realisert det einaste operahuset utanom Den Norske Opera & Ballett i Oslo. Men utan det øvrige kulturlivet i dåverande Eid kommune hadde det ikkje vore mogleg å få til eit slikt bygg. Dette saman med samlokaliseringa av Eid vidaregåande skule, kinoen og biblioteket gjorde det mogleg å realisere draumen om eit nytt kulturhus midt i Nordfjord.
Ideen til huset kom faktisk frå rektor ved Eid vgs. Eid kommune samarbeidde med skulen som skulle samlokalisere dei to avdelingane yrkesfag og allmennfag som låg på kvar si side av Nordfjordeid sentrum. Ideen om eit kulturhus som ein del av dette nybygget vaks fram og vart ein realitet.
Operahuset Nordfjord er eit gedigent spleiselag mellom privatpersonar, institusjonar, Eid kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Staten.
Kulturhuskampen i Eid var eit årelangt utgreiingsarbeid over fleire kommunestyreperiodar. Kulturlivet leid under dårlege akustiske og praktiske forhold, og ein ønska seg ein sal med gode lydforhold. Kulturlivet hadde lenge hatt eit sterkt behov for ein arena for utvikling.
Lokal variert kultur av høg kvalitet trengde ein arena for å utvikle seg, og for å gje publikum ultimate opplevingar både visuelt og lydmessig. Publikum fortente ny konsertsal med fleire gode sitjeplassar, god akustikk, orkestergrav og gode fasilitetar elles.
Kulturkommunen Eid utvikla seg i rivande fart utover 1990-talet:
Gode lærarkrefter i ein høgt kvalifisert kulturskule. Fleire kor vaks fram, med aukande medlemstal og kvalitet. Dei fem skulekorpsa og to musikklaga hadde gode år. Store skulemusikalar i regi av ungdomsskule, vidaregåande og kulturskulen vart ein del av kvardagen. Tilreisande teater fylte aulaen på Fjordane folkehøgskule.
Opera Nordfjord vart til etter initiativ frå Kari og Michael Pavelich i 1997. Ekteparet er ein institusjon i seg sjølv. Første framsyning var i 1998 med Flaggermusen, støtta den gong med 150.000 kroner frå Eid kommune. Distriktsoperaen vart raskt eit lysande fyrtårn i kulturlivet i Sogn og Fjordane. I dag har Opera Nordfjord direkte millionstøtte over statsbudsjettet og spelar for fulle hus kvar haust. I tillegg til den årvisse operaframsyninga på hausten, har Opera Nordfjord mellom anna konsertturné på våren, familieframsyningar, julekonsertar, og dei har også sett opp Fargespel Nordfjord. Som si aller første framføring i operahuset, hadde dei 18. april 2009 verdspremiere på konsertversjonen av operaen Tyrfing av Johannes Haarklou frå Sunnfjord.
Malakoff Rockfestival vart etablert i 2003, og vaks ved hjelp av dugnadsarbeid og samhandling med mellom andre Eid vidaregåande skule. Festivalen hadde 650 besøkande første året, no samlar dei om lag 25.000 publikummarar og 1000 frivillige.
Forskar Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sa: “Musikalsk og kulturelt står Eid no fram som den sjølvsagte hovudstaden i fylket vårt!”
Operahuset Nordfjord er samlokalisert med Eid vidaregåande skule. Historia om huset er eit eventyr!