Om Operahuset Nordfjord

Les om huset i tiårs-jubileumsmagasinet 

Operahuset Nordfjord skal vere møtestad for flest mogleg og fungere som huset for alle. Operahuset Nordfjord skal bidra til auka kunstnarleg aktivitet – utvikle kulturlivet i kommunen og regionen.

 

Foto: Øystein Torheim
Operahuset er til for alle! Allsidig bruksområde: Konsertlokale, kurs, møte, konferanse, undervisning, show, events, teater, opera, musikal, messer, dans, selskap, kino, revy osv.

 

Kontakt oss viss du er interessert i å leige eller ønskjer meir informasjon! Klikk her for prisar og leigevilkår.

 

Teknisk utstyr operasalen | Scenerigg og trekk operasalen

 

Operahuset Nordfjord stod ferdig 1. mars 2009 og vart offisielt opna av kulturminister Trond Giske 25. april. Namnet seier opera, men dette huset er heile Nordfjord si storstove der alle typar scenekunst får boltre seg.

 

Publikumssuksessen til Opera Nordfjord var ein viktig, utløysande faktor for å få realisert det einaste operahuset utanom Bjørvika i Oslo. Men utan det øvrige kulturlivet i Eid hadde det ikkje vore mogleg å få til eit slikt bygg. Det er difor heile kulturkommunen Eid si forteneste at Nordfjord har ein unik, kulturell samlingsstad.

 

Aktørar frå heile Nordfjord engasjerte seg i arbeidet med å få realisert eit kulturhus som vert brukt til alle typar scenekunst. Operahuset Nordfjord er ein av mange viktige faktorar som gjer Nordfjord til eit attraktivt bu- og arbeidsområde.

 

Operahuset er samlokalisert med Eid vidaregåande skule. Sambruk mellom skule og kultur var ei ufråvikeleg målsetjing gjennom heile planleggingsfasen. På dagtid sydar huset av liv frå nesten 400 elevar og 90 tilsette, om kvelden er dei same lokala fylte opp av kultur. Kinosalen blir brukt til skuleauditorium på dagtid, og i operasalen kan alle elevar og tilsette ha fellessamlingar. Samarbeidet mellom skule og kultur gjev store effektar både økonomisk, sosialt og kulturelt. Eid vidaregåande skule og Opera Nordfjord samarbeider også tett, om til dømes kulissebygging, rekvisittar, lys og sceneteknikk. Aktørane samarbeider også om den årlege skulemusikalen som held høgt kunstnarisk nivå.

 

Operasalen er spesialtilpassa akustisk musikk, altså musikk som ikkje brukar mikrofonar, som til dømes kammermusikk, klassisk og opera. Å køyre på med tungrock er heller ikkje noko problem; det er enklare å dempe god akustikk i ein sal enn å skape god akustikk i ein mindre eigna sal. Klangen i rommet er regulerbar ved hjelp av akustiske teppe og plater som kan hevast og senkast. Dette er ein sal som høver til all scenekunst. For å optimalisere akustikken nytta ein spesialkonsulent i akustikk, den same som vart brukt ved Den Norske Opera & Ballett i Oslo.

 

Operasalen:

- Amfi med galleri, scene, orkestergrav, 5 garderobar, toalett og dusjar
- Sal utan orkestergrav: 530 sete, inkl 6 handikapplassar (tre rullestolar). 218 av seta er på galleriet.
- Sal med orkestergrav 484 sete, inkl 6 handikapplassar (tre rullestolar). 218 av seta er på galleriet.
- Scene 14 x 10 m. Høgde 12 m. 
- Orkestergrav, hev- og senkbar.
- Svært god akustikk, ein draum for akustisk musikk! Avansert støydemping gjer at også annan type musikk òg høver godt i salen.

- Teleslynge på rad 6-9, fungerer best frå fjerde sete og innover
 

Teknisk utstyr operasalen

  

 

Kinosalen:

- Amfi med 105 sete, inkl 6 handikapplassar (tre rullestolar), teleslynge

- Kinosalen er svært godt eigna til undervisning, møte og konferansar i tillegg til kino

- Stort lerret, mikrofonar og AV-rack med PC-tilkopling, dokumentkamera, smartboard og DVD.

 


  

 

 

Foajé, kjøken:

- Foajé/kantine med plass til om lag 300 personar.

- Foajeen er kantine for Eid vidaregåande skule på dagtid måndag-fredag.

- Foajeen vert brukt som "stimleplass" ved arrangement i kultursalen og kinosalen.

- Foajeen er godt eigna til selskap, middag, dans osv.

- Dekketøy.

- Kjøkenet kan brukast til å tilberede og selje enkel mat og kioskvarer. Frivillige lag og organisasjonar får bruke kjøkenet gratis når ein leiger kultursalen/foajeen til arrangement.

 

 

 

Bakgrunn, historie:

Kulturhuskampen i Eid var eit årelangt utgreiingsarbeid over fleire kommunestyreperiodar. Kulturlivet leid under dårlege akustiske forhold, og ein ønska seg ein sal med gode lydforhold, på lik linje med fotballbaner for fotballkampar. Kulturlivet hadde lenge hatt eit sterkt behov for ein arena for utvikling!

 

Kulturkommunen Eid

Gode lærarkrefter i ein høgt kvalifisert kulturskule. Fleire kor veks fram, med aukande medlemstal og kvalitet: Eid Mannskor, Stårheim Songlag, D-kor, Barnegospelkor, Eid Barnekor.
Dei fem skulekorpsa og to musikklaga har gode år og deltek og vinn prisar i konkurransar, mellom anna med gode dirigentar frå kulturskulen.

Store skulemusikalar er blitt ein del av kvardagen.

Ekteparet Kari og Michael Pavelich er ein institusjon i seg sjølv. Opera Nordfjord er akseptert i Sogn og Fjordane som eit fyrtårn i kulturlivet i fylket. Tilreisande teater besøker Nordfjordeid og fyller aulaen, gong på gong.

Malakoff Rockfestival blir etablert i 2003, og veks ved hjelp av dugnadsarbeid og samhandling med Eid vidaregåande skule.

 

Opera Nordfjord

Initiativ frå Kari og Michael Pavelich i 1997. Første framsyning var i 1998 med Flaggermusen, og vart den gong støtta med 150.000 kroner frå Eid kommune. No har Opera Nordfjord direkte millionstøtte over statsbudsjettet og spelar for fulle hus kvar haust.

I tillegg til den årvisse operaframsyninga på hausten, har Opera Nordfjord mellom anna konsertturné på våren, familieframsyningar, julekonsertar, og dei har også sett opp Fargespel Nordfjord. Som si aller første framføring i operahuset, gjorde dei 18. april 2009 verdspremiere på konsertversjonen av operaen Tyrfing av Johannes Haarklou frå Sunnfjord.

 

Kvifor kulturhus i Eid?

Sidan oppstarten av Opera Nordfjord i 1997 auka interessa. Operaen har sett Nordfjordeid på det nasjonale kulturkartet. Lokal kultur treng ein arena for å utvikle seg. Gje publikum ultimate opplevingar både visuelt og lydmessig. Publikum fortente ny konsertsal med fleire gode sitjeplassar, god akustikk, orkestergrav og gode fasilitetar elles.

Kulturhuset vert ein hyllest til lokal dugnadsånd som får betre vilkår for kulturutfalding. Dugnadsarbeidet i Eid er avgjerande for å kunne arrangere operaframsyningar, Malakoff Rockfestival, Elskhug og Eksis m.fl.

Forskar Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane: “Musikalsk og kulturelt står Eid no fram som den sjølvsagte hovudstaden i fylket vårt..!”

Eid kommune samarbeidar med Eid vidaregåande skule som ønskjer å samlokalisere dei to avdelingane yrkesfag og allmennfag. Ideen om eit kulturhus som ein del av dette nybygget veks fram. Suksessen til Opera Nordfjord og samlokaliseringa av Eid vidaregåande skule, kinoen og biblioteket gjorde det mogleg å realisere draumen om eit nytt kulturhus i Eid.

 

Finansiering

Operahuset Nordfjord er eit gedigent spleiselag mellom privatpersonar, institusjonar, Eid kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Staten.

 

Namn på huset

Namnet fortel den historiske årsaka til korleis bygget oppstod.

Namnet avspeglar den gode historia – historia om Opera Nordfjord.

Namnet er unikt og gir huset ekstra merksemd.

Operafenomenet gjev oss høve til å skilje Eid ut frå alle andre kulturhus/samfunnshus i Noreg.