Wuthering Heights (Norsk tekst)

«Wuthering Heights» kjem på kino til Valentine’s Day!

Frå den Oscar-vinnande filmskaparen Emerald Fennell kjem «Wuthering Heights», med Oscar-nominerte Margot Robbie i hovudrolla, saman med Bafta-nominerte Jacob Elordi. Filmen er ein dristig og original nytolkning av ein av de største kjærlleikshistoriane gjennom tidene, og er Fennells eigen versjon av historia frå Emily Bröntes romanklassikar. Robbie og Elordi spelar eit par der den forbodne lidenskapen for kvarandre utviklar seg frå romantisk til berusande i eit episk drama om begjær, kjærleik og vannvidd. På rollelista finn vi også Owen Cooper, Charlotte Mellington, Shazad Latif, Alison Oliver, Martin Clunes, Ewan Mitchell og Oscar-nominerte Hong Chau. Fennell regisserer etter sitt eige manus, og produserer saman med Josey McNamara og Margot Robbie. Bak kamera samarbeider Fennell med fleire av sine faste kollegaer, blant anna den Oscar-vinnande fotografen Linus Sandgren, den Oscar-nominerte produksjonsdesigneren Suzie Davies, og den Oscar-vinnande kostymedesigneren Jacqueline Durran. Popstjerna Charli XCX står for soundtracket, og du kan sjå musikkvideon til låta «Chains of Love» her: https://www.youtube.com/watch?v=tG1HKY6Jwas

Vis meir
Premiere
13.02.2026

Aldersgrense 15 årAlder: 15 år

Detaljar

Skodespelarar: Margot Robbie, Jacob Elordi, Hong Chau, Shazad Latif, Alison Oliver, Martin Clunes, Charlotte Mellington, Owen Cooper

Regissør: Emerald Fennell

Produksjonsår: 2026

Premiere: 13.02.26

Manus: Emerald Fennell, Emily Brönte

Land: USA

Sjanger: Romantikk, Drama

Språk: Engelsk

Undertekst: Norsk

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord