Viser min bestefar song
Aleksander Raftevold, Sebastian Berg, Madelene Berg, Runar Netland og Andreas Oxholm gjev deg musikk, humor, nære og varme historier!
Kven kan fortelje kvar dei var 16. mai 1945?
Kven kan fortelje om den første visa dei lærte etter krigen?
Kven har debutert som fiolinist i Le Havre?
«Viser min bestefar song» er ei framsyning skrive av Aleksander Raftevold og handlar om bestefaren Odd Raftevold sitt snart 90 år lange liv. Eit liv fullt av musikk, humor og eventyr!
Berre 20 år gamal reiste Odd til sjøs, og var telegrafist på skip som segla mellom Europa og Amerika. Han har spelt fotballkamp i New Orleans, debutert som fiolinist i Le Havre, og midt ute på Atlanterhavet delte Odd og mannskapet mykje historier og viser med kverandre. Nokon hadde plukka opp nokre viser i Danmark, andre hadde vore på Chat Noir i Oslo og den dag i dag kan Odd desse visene på rams. På 1950-talet reiste han frå vesle Hornindal og skulle i løpet av dei neste åra oppleve Europa, USA, Grønland og Sørishavet. Då familielivet melde sin ankomst, levde Odd 13 år i Oslo, før han på 70-talet vendte nasen heim mot Hornindal med familien, der han blei en av dei første TV- og radioreparatørane i Nordfjord.
Raftevold & Berg er sett saman av Aleksander Raftevold og Sebastian Berg. Dei gav i fjor ut albumet «Visenes vår», og har halde nydelege konsertar på ei lang rekkje mindre plassar dei siste åra. «Med inderleg innleving og humor med snert» skreiv avisa Fjordingen. Duoen spelar eit variert repertoar av viser på norsk, samt skriv eigne viser – servert saman med morosame anekdotar og spennande historier.
No tek dei alt eit stort steg vidare, med premiere i sjølvaste operasalen i Operahuset Nordfjord! Framleis med den same, gode nærheita til musikken og historiene, som folk i alle delar av landet kan kjenne seg att i.
På scena har dei med seg Madelene Berg på fiolin, trommeslager Runar Netland og Andreas Oxholm på kontrabass.
Dette er ei framsyning i kjent Raftevold & Berg-stil med mykje musikk, humor, nære og varme historier.
Vel møtt til ei stemningsfull 100 år gammal reise tilbake i tid, og fram til i dag!
Kafé i foajeen frå kl. 13.00. Kom gjerne tidleg for trivelege samtaler før konserten.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
