Vi har ennå i morgen
Vinnar av publikumsprisen under filmfestivalen i Haugesund!
Delia er ei husmor i etterkrigstidas Roma på slutten av 1940-talet – ein by prega av både dei positive følgjene av frigjeringa og dei økonomiske utfordringane etter krigen. Trass i daglege kampar med husarbeid og eit valdeleg ekteskap, finn Delia små augeblink av glede saman med si beste veninne. Hennar største håp er at dottera Marcella skal få ei betre framtid. Alt endrar seg då eit mystisk brev dukkar opp og gir Delia mot til å stå opp mot sin valdelege ektemann og sjå føre seg ei lysare framtid. VI HAR ENNÅ I MORGEN er ein oppløftande og inspirerande film som vil etterlate deg med både ei tåre i augekroken og eit smil om munnen.
25.12.2024
Alder: 12 år
Detaljar
Regissør: Paola Cortellesi
Produksjonsår: 2024
Premiere: 25.12.24
Land: Italia
Sjanger: Drama, Komedie
Språk: Original
Undertekst: Norsk