Thunderstruck

Ein musikal om engasjement, musikkglede, fellesskap og kjærleik

Historia er lagt til 1987 og 2025, der vi møter ungdomar som gjennom musikk har eit fellesskap dei lar seg inspirere av.

Kjærleikshistoria mellom Dagny og Arne i 1987 fører til dottera Layla. Etter at mora har gått bort, finn Layla dagboka hennar i 2025. Vi får høyre om korleis musikken og engasjementet var på 80-talet. Kanskje ungdomane frå 2025 til og med lar seg inspirere av historia frå 1987?

Når vi set opp musikal på EUS, er vi opptekne av at ALLE er like viktige i produksjonen. Det er 90 ungdomar frå valfaget Produksjon for scene som skal danse, synge og dramatisere ulike låtar. Unikt denne gongen er at elevane også står bak koreografien til mange av dansane. Valfaget Praktisk handverksfag bidreg med rekvisittar, sminke, kostyme og kiosk. I tillegg har vi med oss profesjonelt band saman med elevane våre, dette tenkjer vi er veldig viktig. Det er ingenting som å ha eit ordentleg rockeband i ryggen!

Malakoff, vår eigen lokale festival, er samarbeidspartnar og støttar prosjektet ved å søkje midlar og hjelpe til med rigg og scene. Målet deira er å bidra til at ungdommane får oppleve gleda og meistringa som slike musikalprosjekt gjev. Vi er takksame for dette, og for det gode samarbeidet og støtta vi får frå Operahuset – den beste plassen å vere!

 

Vi er veldig stolte av den flotte gjengen vi har, og gler oss til å sjå DEG i salen!

Ungdom + Rock = SANT!

Billettprisar inkl. avg.:
Ordinær kr
Born/ungdom/student  kr

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Vis meir

Tor. 26.03 Kl. 18.00

Kjøp billett

Fre. 27.03 Kl. 18.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 30 min

Billettpris:

Ordinær 345,-

Student / ungdom / barn 175,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord