The Johnny Cash & June Carter Show
Duets of Two Darlings
Bli med på ei musikalsk reise gjennom Johnny Cash og June Carter sitt ikoniske univers med det nye showet «Duets of Two Darlings». Showet, basert på The Boys Named Sues suksessfulle «The Johnny Cash & June Carter Show», tek deg med på eit djupare dykk inn i duoen si unike kjærleikshistorie og musikalske partnarskap.
«Duets of Two Darlings» har premiere i Drammens Teater 8. mars. Showet presenterer eit finslipt utval av dei meste kjende duettane til Cash og Carter, som «Ring of Fire«, «Jackson«, «It Ain’t Me«, «Folsom Prison» og «I Walk the Line«.
I tillegg til dei tidlause melodiane, set «Duets of Two Darlings» eit sterkt fokus på Johnny og June si gripande historie. Publikum får eit innblikk i den turbulente kjærlighetssagaen, fylt med både lidenskap og motgang, og korleis dette blir gjenspegla i musikken deira.
Marianne Jagland, kjent som «Norges June Carter», fangar essensen av Junes karisma og talent. The Boys Named Sue, anerkjent som Norges mest underhaldande Johnny Cash-band, leverer ei autentisk og energisk attgjeving av Cash si mørke og kraftfulle stemme.
«Duets of Two Darlings» er meir enn berre ein konsert. Det er ei kjærleikshistorie, ein hyllest til legender, og ei feiring av countrymusikken si evne til å røre hjarte. Gjer deg klar for ein kveld fylt med nostalgi, glede og nokre av dei beste låtane countryrocken har å tilby!
Les meir her: www.johnnycashnorge.no/duets
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no