Teater Vestland: Gubben og katten og nissemaskina
Er du klar for ei leiken, hjartevarm og fullstendig julemagisk oppleving?
I Gubben og katten og nissemaskina møter vi den snille og litt rare Gubben Pettersen og katten Findus, som er like full av sprell som alltid.
Findus vil ha nisse på besøk. Ordentleg nisse. Med skjegg, sekk og julehumør!
Pettersen trur ikkje på nissen, eller, det er hvertfall lenge sidan han har sett ein.
Kva gjer ein når ein treng nisse, men ikkje kjenner nokon?
Sven Nordqvist sine bøker om Gubben og katten har begeistra ungar og vaksne i over tretti år, og vi gler oss til å invitere heile familien inn i teateret for ein solid dose av den gode julefølelsen. Publikum får vere med på ei fantasifull reise full av oppfinningar, julelys og forunderlege møte. Og kanskje dukkar det også opp ein ekte nisse til slutt?
Kunstnarleg lag
Av Sven Nordqvist
Regi Ingrid Askvik
Resten av kunstnarleg lag og skodespelarar blir annonserte seinare.
Lengde: 1 t 30 min
Billettpris:
Ordinær 325,-
Honnør 275,-
Scenekort 245,-
BOB-medlem 265,-
Teaterven 265,-
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Vis meir
Ons. 16.12 Kl. 18.00
Kjøp billettLengde: 1 t 30 min
Billettpris:
Ordinær 325,-
Honnør 275,-
Scenekort 245,-
BOB-medlem 265,-
Teaterven 265,-

