Sunnivakoret og Ytre Suløens Jass-ensemble – 20 år med nyttårskonsertar!

Final countdown!

«Prosjektkoret som skulle vare eit år – eller to, har blitt ei fantastisk reise på over 23 år!»

Det blir difor «start and end» helga 10.-11. januar 2026, først på Parken kulturhus, Ålesund, så Operahuset Nordfjord søndag.

Som vanleg med ein feiande New Orleansinspirert nyttårskonsert i tospann med Ytre Suløens jass-ensemble, men denne gongen også den endelege finalehelga for Sunnivakoret.

Alt har si tid, og vi legg no inn årane for vårt kjære region- og prosjektkor, stifta tidleg hausten 2003 som eit viktig ledd i den første Sunnivafestivalen i Selje. Og fortsatt med maestro Per Oddvar «Prots» Hildre ved roret.

Som så ofte før, sidan koret sine fleste medlemmar er rekruttert frå Ytre Nordfjord og Sunnmøre, naturleg med ein konsert i kvar region; Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, som har vore nedslagsfeltet for nyttårskonsertane.

Operahuset Nordfjord, den kulturelle storstova i Stad kommune og Nordfjord, vert difor ein naturleg avslutningsarena på denne 20 år lange nyttårskonsert-tradisjonen. Dermed også ei avslutning med jubileum!

Ytre Suløens Jassensemble treng ingen vidare presentasjon, dei er velkjente og anerkjente også i vårt distrikt. Og med fyrverkeriet av ein solist i «innfødde» Tricia Boutte er det naturleg at det blir New Orleansrytmer på programmet..

Dei øvrige er David Gald på tuba, Sturla Hauge trompet, Lars Frank klarinett/saksofon, Kristoffer Tokle slagverk, Gunnar Beck trombone og Svein Tore Anderson, son av tidlegare trommis Ottar Anderson, på banjo.

Sunnivakoret takkar alle som har opplevd og støtta oss gjennom desse åra, publikum som sponsorar. Det har vore ei utviklande og flott korkulturell reise!

Velkomen til ein frisk musikalsk start på nyåret!

Vis meir

Søn. 11.01 Kl. 17.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris:

Ordinær 425,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord