Stein Torleif Bjella
Ein av Norges fremste visekunstnarar tar med seg sine beste låtar og sitt topptrimma band til oss!
Nordfjordeid er einaste stoppestad mellom Bergen og Ålesund på denne turneen.
Stein Torleif Bjella er i 2025 med i TV2-suksessen Hver gang vi møtes, saman med Carola, Kjartan Lauritzen, Astrid S, Ina Wroldsen, Thomas Dybdal og Jonas Benyoub. Dette blir utvilsamt en gylden sjanse for folk over heile landet til å bli betre kjent med den finurlege Ål-artisten og hans eineståande musikalske univers. Det er altså duka for ei konsertoppleving som treffer hjarterota så vel som dansefoten denne kvelden. At det kjem til å dukke opp nytolkingar av både andre sine og eigne hitlåtar, er sikkert som banken.
Bjella har ein heilt spesiell plass i den norske artistfloraen, med ei eiga evne til å treffe folk frå bygd og by med sine ærlege, jordnære og samtidig poetiske tekstar. Med udødelege låtar som «Romantikken gjer meg sjuk», «Psykisk kan du vera sjøl», «Heidersmann», «Tilbake i det blå» og uendeleg mange fleire med seg i hestehengaren, er det nok å glede seg til, noko alle som har opplevd ein konsert med Bjella kan skrive under på. Og då har vi ikkje eingong nemnt tradisjonen med å lodde ut ei fruktkorg på alle konsertane han har halde sidan oppstarten.
Med seg på vegen har han sine trufaste våpendragarar: Geir Sundstøl på gitar, Eirik Øien på bass, Kenneth Kapstad på trommer og David Wallumrød på tangentar.
Stein Torleif Bjella utmerka seg for alvor med solodebuten Heidersmenn i 2009. To år seinare kom Vonde visu, som sikret han Spellemannprisen, og i 2013 avslutta han albumtrilogien med Heim for å døy, som toppa VG-lista. Sidan den gong har Bjella gitt ut kritikarroste album som Gode Liv, Øvre-Ål Toneakademi, Nysetmåne. Han har samarbeida med Kringkastingsorkesteret på Bjellasangar arrangert for messing & tre, og eksperimentert med eit spoken word-improvisasjonsalbum saman med bandet sitt. I tillegg har han mottatt ei rekke utmerkingar, som Edvardprisen og Prøysenprisen.
Bjella sin musikk vert ofte skildra som ei blanding av sørgmodig glede og romantisk hjartesorg, der eitt auge ler mens det andre gret. Musikken har også inspirert til sukessrike teaterframsyningar som Kan nokon gripe inn, og oppsettinga Heil ved, basert på Lars Mytting sin roman, som framleis blir spelt på Det Norske Teatret.
I tillegg til musikken er Stein Torleif Bjella også ein anerkjent forfattar med diktsamlinga Jordsjukantologien Nr. 1 og romanen Fiskehuset. Fiskehuset blei nominert til P2-lytternes romanpris og vann Nynorsk Litteraturpris.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Lau. 22.03 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 25 min
Billettpris inkl. avg.:
Ordinær 575,-
Forsalg 575,-
OBOS 460,-
OBOS 460,-