Sivert Høyem med fullt band
Sivert Høyem tek hausten tilbake!
Når hausten igjen skal gjere kveldane mørke, gler vi oss til å krype inn i operasalen og varme oss på Sivert Høyems mektige stemme og sterke låtar. Høyem er ein av norsk musikk sine fremste formidlera, og i år legg han ut på haustturné med sitt fabelaktige band, som bidrar til at kvar konsert opplevast som noko heilt ekstraordinært. Med seg har dei låtar fra Høyems to nyaste og svært kritikerroste album: «On an Island», frå 2024 – født i det værbitte menigheitshuset Zoar, omgitt av hav og vind i Nyksund, og «Dancing Headlights» frå 2025 – ein mer elektrisk affære, som bærer med seg lyden av natt og neonlys. Låtkatalogen til Høyem rommar både stillheita og stormen. Fra lavmælte, nakne songar du knapt tør puste i, til dei som slår eksplosive gnistar mot mørket, båre fram av eit band som maktar å fange opp kvar einaste kjensle og nerve. I konsertsettet flettes dei nye låtane saumlaust saman med eldre perlar som «Moon Landing», «Into the Sea» og «Prisoner of the Road», samt ikoniske Madrugada-klassikera som «Majesty». Her finnes det ingen dødpunkt, berre essens – formidla av ein artist som lever i kvart sekund av det han synger. Vi kan ikkje tenke oss ein bedre veivisar inn i haustmørket enn Høyem og hans musikalske kumpaner, og den skattekista av ein låtkatalog som dei har med seg på veien.
Rullestol? Kontakt oss på post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.
