Silver Belles julekonsert // Gymmen

Hald av fredag 13. eller laurdag 14. desember til dobbel julekonsert i Gymmen med to av landets flottaste stemmer!

Billettar i sal på Eventim: www.eventim.no/artist/silver-belles

Viss du og gjengen din er på utkik etter ein intim julekonsert der du får servert harmoniar og samspel i verdsklasse frå to hyperaktuelle og svært aktive damer; look no further! 

Silver Belles er eit julesamarbeid, skapt av låtskrivarane og americana-stjernene Stine Andreassen og Live Miranda Solberg. Kvar for seg er dei mest kjende som frontfigurane i The Northern Belle og Louien, som begge er kritikarroste og folkekjære artistar. Dei spelar også saman i folk-kvartetten Silver Lining. Til line-upen for Silver Belles jula 2024 har Stine og Live rekruttert bandmedlemmene derifrå.

Det vil seie at ein får den malmfulle stemma og det unike gitarspelet til Halvor Falck Johansen, i tillegg til det allsidige strengespelet til gitarvirtuosen Bjørnar Ekse Brandseth. Saman trakterer kvartetten strengar, tangentar, fleirstemt vokal og gjev publikum eit nøye kuratert utval av julemusikk. Vi får servert klassikarar, nyare favorittar og originalar frå fire eksepsjonelt dyktige musikarar.

Dørene opnar kl. 20.00 
Konsertstart kl. 21.00
Aldersgrense 18 år
Billett kr 250,-
Billettar: www.eventim.no/artist/silver-belles

Garantert julestemning!

Vis meir

Fre. 13.12 Kl. 21.00

Lau. 14.12 Kl. 21.00

Lengde: 1 t 15 min

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord