Sigrid Moldestad med fullt band

Sigrid Moldestad er ein av Norges mest kraftfulle og sjelfulle stemmer – ein prisbelønt folkemusikar, songer og låtskrivar frå Breim i Gloppen. Med røtter i den vestnorske folkemusikken og ein lidenskap for å løfte fram glemte kvinnestemmer, har ho forma ein karriere som kombinerer tradisjon, nyskaping og brennande engasjement. Vi gler oss til ho kjem tilbake til Operahuset Nordfjord!

I mars 2026 kjem Sigrid med sitt niande soloalbum og med det turne. Ho har siste året jobba mykje solo med akustiske konsertar, og ser difor ekstra fram til å dra på tur med musikarane ho har jobba med i mange år. Moldestad er kjend for si fortellerglede og kommunikasjon med publikum. Musikalsk spenner det frå det ville til det vakre. Musikarane i bandet pregar musikken med sine bakgrunnar i ulike genrer; visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalske overskot som rører. Det nye albumet er forankra i både naturen ho kjem frå, bygdeliv, samliv, foreldreskap og undringar kring dei store spørsmåla. Fjella lurer i bakgrunnen og kjærleiken til folkemusikken ho kjem frå er aldri langt unna. Saman med sitt, etterkvart veletablerte band og kollektiv, skapar ho musikalske lydspor til historiene med energi, humor og klump i halsen stemning. Genreleikent og velkjent for dei som har følgt Sigrid og bandet ei stund. Turneen stoppar 22.mars på Nordfjordeid med musikalske fortellingar og eit sterkt scenisk nærvær. Dei nye songane saman med høgdepunkt frå heile karrieren. Ikkje gå glipp av denne!

Sigrid Moldestad Band: 
Sigbjørn Apeland(tangenter)
Kåre Opheim(trommer)
Jørgen Sandvik(gitarar)
Anders Bitu støyl(bass)
Roald Kaldestad(gitarar)

 

Foto: Magnus Skrede

Vis meir

Søn. 22.03 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 15 min

Billettpris:

Ordinær 595,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord