Sara Aimée Smiseth: Formødre
Opplev virtuost klaverspel med levande historieforteljing – tett på musikaren!
I konsertframsyninga Formødre har pianisten og musikkformidlaren Sara Aimée Smiseth fordjupa seg i si eiga slekt, og fortel 350 års historie sett frå perspektiva til ni generasjonar kvinner i sin egen familie – akkompagnert av ikoniske klaververk frå musikkhistoria.
Frå Skottland på 1600-talet går reisa til kongelege forbindelsar og ein staseleg heim i Moss, og til ei forpaktarske av Lindesnes fyr. Vi skal til opplysningstid og teaterliv i Kristiansand, og elektriske bad og kulturfiff på Sandefjord og Modum Bad. Så til ein fotograffamilie på Vaterland i Christiania, det landlege Groruddalen, eit liberalt psykiatrisk sjukehus, endå ein forfattar, og til hemmeleg motstandsarbeid under andre verdskrig.
Sara Aimée Smiseth frå Oslo er ettertrakta som solist, har ei svært aktiv konsertverksemd i Norge og har spelt konsertar i Japan, USA, Canada, Estland, Tyskland, England, Finland og Sverige. Ho er utdanna både pianist ved Norges Musikkhøgskole og Koninklijk Conservatorium Brüssel og musikkvitar ved Universitetet i Oslo. Dei siste åra har Sara vore solist i Griegs klaverkonsert i Europas kulturhovedstad 2024, Tartu i Estland, ho gav ut soloalbum til svært gode kritikkar, blitt invitert til å spele konsert mellom anna i Mendelssohn Haus i Leipzig, vore Ukens Pianist på Troldhaugen i Bergen og spelt på ei rekkje små og store festivalar i Norge.
Smiseth er ein viktig formidlar av klassisk musikk, og er ein av landets fremste ekspertar på komponisten og pianisten Agathe Backer Grøndahl. Ho opptrer jamleg i radio, gjer formidlingsoppdrag for Den norske Opera & Ballett og Oslofilharmonien, og har som spelande konferansier leia publikum gjennom ei rekkje store arrangement.
Velkomen til ei unik konsertoppleving, som gjev deg eit heilt spesielt møte med musikken!
Konserten er gratis for kultursskuleelevar! Berre 100 kr studentar, ungdommar og barn, og ordinær pris 250 kr.
Publikum sit på scena under konserten. Billettane er unummererte.
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Ons. 10.09 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 25 min
Billettpris:
Ordinær 250,-
Student / ungdom / barn 100,-
