Riksteatret: Prima Facie
Tessa er ein ung, vellukka forsvarsadvokat som har jobba seg opp til det øvste sjiktet i spelet; kryssforhøyre, forsvare og vinne. Alt ser ut til å gå hennar veg.
Men ein kveld vert ho brått kasta inn i ein situasjon der ho sjølv må sette systemet på prøve. Ho som var uovervinneleg, kjempar no sitt livs største kamp for å finne vegen ut av den same skuggen av tvil som ho tidlegare har kasta over andre. «Prima Facie» tar oss med til det vanskelege punktet der livet møter reglane i lova.
«Prima Facie» er tankevekkande, brutalt og rørande. Eit teaterstykke som vert sitjande i kroppen lenge etter at teppet har gått ned.
Stykket har mottatt ei rekke prisar og gått sin sigersgang i London, New York og på scener over heile verda.
«BEST PLAY» – Olivier Award
«BEST NEW PLAY» – WhatsOnStage
«BEST NEWCOMER» – Broadway World UK Awards
Med Riksteatret og Nationaltheatret kan publikum over heile landet få oppleve denne gripande og aktuelle framsyninga der dei bur.
* «Prima Facie» er eit latinsk juridisk begrep som betyr «tilsynelatande» eller «ved første augekast».
Prima Facie inneheld diskusjonar om seksuell vald. Anbefalt aldersgrense er 14 år.
Noregspremiere 4. februar
På scena: Maria Kristine Hildonen og Elisabeth Mørland Nesset
Av Suzie Miller. Omsett av Agnes Banach.
Regissør Maren E. Bjørseth. Scenograf og lysdesignar Norunn Standal. Kostymedesignar Alva Walderhaug Brosten. Komponist og lyddesignar Sjur Miljeteig. Koreograf Magnus Myhr. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Mån. 17.03 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 40 min
Billettpris inkl. avg.:
Ordinær 455,-
Honnør 370,-
Scenekort 355,-
Gruppe 10+ 370,-
Coop-medlem 355,-
Samarbeidspartnar 370,-
UNDER30 190,-