Riksteatret: Legenden om Narnia – Løva, heksa og kleskapet

Eit gammalt klesskap, ei magisk verd, ei iskald forbanning og eit spektakulært slag – bli med til Narnia! 

For 75 år sidan skapte C. S. Lewis eit univers fylt av spenning, fantasi og magi. Narnia har sidan den gongen engasjert millionar av born og vaksne over heile verda gjennom bøker, TV-seriar og filmar, og blitt ein av vår tids store klassikarar.

Møt søskena Lucy, Edmund, Susan og Peter når dei oppdagar vegen til eventyrlandet Narnia. Der herskar den onde Heksa Hvit i evig snø og is. Saman med løven Aslan og alle gode krefter tar dei fire borna opp kampen mot det onde.

Regissør Hilde Brinchmann lar oss oppleve historia gjennom borna sine auge. Brinchmann har hatt stor suksess med «Mio, min Mio» og «Operasjon Teater – Detektivbyrå nr. 2».

Pressa skriv:
«et Narnia-eventyr som møter publikum i øyehøyde, som rendyrker det eventyrlige og det undrende» Dagsavisen (terningkast 5) 
«Jeg føler meg sikker på at klesskap over det ganske land, vil bli krøpet inn i etterhvert som Riksteateret legger ut på veien» Vårt Land
«en fin, spennende og heltemodig historie om hvem vi velger å være når alt står på spill.» NRK
«Løven og heksa alene verdt pengene» Aftenposten

Ta med borna, familie og vener og bli med på ei uforgløymeleg reise til Narnia, der fantasi og røyndom smeltar saman i ei fortryllande teateroppleving!

Aldersgrense 6 år! Framsyninga inneheld fleire scener som skildrar krig, uro og mørke. Det vil vere lyd av skot og dramatiske scener. Difor er aldersgrensa sett til 6 år.

På scena: Jawad Aziz, Janne Starup Bønes, Sebastian Legaard Engeland, Rasmus Ofstad Feidje, Albertine Lundgren, Numa Edema Norderhaug, Mats Holm, Camilla Klaudiussen, Svein Harry Schöttker-Hauge, Christina Sleipnes og Martin Karelius Østensen. 

Regissør Hilde Brinchmann. Scenograf Signe Gerda Landfald. Kostymedesignar og maskedesignar Helena Andersson. Lysdesignar Martin Flack. Komponist Eirik Myhr. Lyddesignar Morten Haug Serigstad. Dramaturg Mariken Lauvstad. Kampkoreograf Kristoffer Jørgensen. Produsentar Anita Basmo Bjørnstad og Wenche Viktorsdatter Paulsen. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Den Nationale Scene.

«The Lion, The Witch and the Wardrobe by CS Lewis © copyright 1950 C.S Lewis Pte Ltd. Get official NARNIA® news at Narnia.com and facebook.com/TheChroniclesofNarnia

Teaterforlag: Nordiska ApS

Musikken er innspilt i Whiteroom Studio og Øra Studio. Strykeensemble: Trondheimsolistene. Fløyte: Ingrid Holmen. Horn: Marie Solum Gran. Piano, perkusjon og programmering: Eirik Myhr. Innspillingsteknikar, Øra Studio: Kyrre Laastad. Musikkforlag: GILT.

Ulvehovudet er designa av Mari Lotherington. Gobelin er designa av Morten Quist Hommersand.

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no

Vis meir

Lau. 05.04 Kl. 18.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 15 min

Billettpris:

Ordinær 315,-

Coop-medlem 256,-

Samarbeidspartnar 260,-

Familiepris 260,-

Kulturtilbud Kreditt 170,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord