Riksteatret: I vårt sted
Opplev Nationaltheatret si kritikarroste og Hedda-prisvinnande framsyning av Arne Lygre på turné med Riksteatret!
«Et stykke skrevet for evigheten (…) borer i hvordan vi speiler oss selv i andre. Og den gjør det så varmt, interessant og elegant at forestillingen er blitt ett av årets største høydepunkter på scenen.» Aftenposten (6)
«I vårt sted» handlar om behovet for å ha nokon i livet sitt, om det å vere der for kvarandre, om å kunne kjenne seg igjen i ein annan og korleis vi blir til gjennom den andre sitt blikk. Det handlar også om den underliggande frykta for å bli valt bort, å bli åleine, å vere utbyttbar.
Vi møter Astrid, som har hatt eit langt og nært vennskap med Eva, ein relasjon som pregar dei begge. Nyleg har ho også møtt Sara, og eit nytt og skjørt vennskap skal definerast. Kven kan dei vere for kvarandre? Kan dei få ein større og viktigare plass i kvarandre sine liv enn det tida dei har hatt saman skulle tilseie?
Framsyninga har gått for utselde hus på Nationaltheatret og hausta strålande kritikkar. På scena får du oppleve Laila Goody, Ågot Sendstad og Ragnhild Tysse i eit gnistrande samspel. Stykket har sikra seg Heddaprisen for beste scenetekst og beste medspelar, og dramatikar Arne Lygre er nominert til Nordisk råds litteraturpris.
Vi treng alle nokon, eller kvarandre, men vi treng aldri éin spesifikk.
«Føles som en lang, varm klem» Aftenposten (6)
«Arne Lygre løfter frem det hverdagslige mennesket med dyp presisjon» Klassekampen
«Tre av Norges fremste skuespillere har sjelden gravd dypere.» Dagsavisen (6)
«En teaterforestilling av ypperste klasse.» Morgenbladet
«En seier for skuespillerkunsten» Vårt Land
Med Laila Goody, Ågot Sendstad, Ragnhild Tysse og Kristoffer Kompen (musikar).
Av Arne Lygre. Regissør Sigrid Strøm Reibo. Scenograf og kostymedesignar Katrin Nottrodt. Lysdesignar Øyvind Wangensteen. Komponist og musikalsk ansvarleg Simon Revholt. Maskør Eva Sharp. Dramaturg Mari Vatne Kjeldstadli. Produsent Bastian Stabell. Produsert av Nationaltheatret. Produsert for turné av Riksteatret.
Framsyninga varer i 2,5 timar inkludert pause
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Fre. 10.10 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 2 t 30 min
Billettpris:
Ordinær 485,-
Honnør 393,-
Scenekort 385,-
Gruppe 10+ 393,-
Coop-medlem 385,-
Samarbeidspartnar 393,-
UNDER30 185,-
Kulturtilbud Kreditt 347,-
