Riksteatret: Bare Elling

Elling er endeleg tilbake! Like sår og morosam som alltid – det er berre å glede seg! 

Forteljinga om Elling har gått sin sigersgang kloden rundt både som film og teater. Det første teaterstykket om denne engstelege mannen er verdas mest spelte moderne norske stykke. Appellen hans er utvilsamt universell. 

No er han tilbake på teaterscena, med Per Christian Ellefsen og Anne Marie Ottersen i hovudrollane og heilt ny musikk av Lars Lillo-Stenberg. Også denne gongen i regi av Petter Næss, som blei Oscar-nominert med spelefilmen «Elling».

Vi møter Elling 20 år etter vi forlet han i «Elsk meg i morgen». Han har flytta inn i ei sokkelleilegheit hos enkefru Annelore Frimann-Clausen på Grefsen i Oslo. Han er 65 år og saknar Gro Harlem Brundtland, Kjell-Bjarne og mor. Og sjølv om han eigentleg har vore pensjonist heile livet, ønskjer han no å setje spor etter seg. Han vil ikkje lenger vere «ingen». Han vil bli NOKON. 

«Bare Elling» er ei morosam og gripande skildring av eit einsamt menneske med mange meningar og sterke nevrosar, som svært mange vil kjenne seg igjen i. Enten du er ein trufast tilhengar av Ingvar Ambjørnsen sitt Elling-univers eller ein nykommar i verda hans, vil du få ei teateroppleving som rører hjartet og får deg til å tenkje. I møte med Elling blir vi alle litt mindre åleine.

«En Elling å elske (…) en varm og fin forestilling som byr på gjenkjennelse og mye latter» Dagsavisen (terningkast 5)
«Nydelige øyeblikk (..) Elling-feelgood er ikke som annen feelgood» Morgenbladet
«Elling er tilbake etter 20 år i institusjon. Resultatet er rørende» Aftenposten 

Les meir om framsyninga her: www.riksteatret.no/repertoar/bare-elling

Urpremiere i Oslo, Nydalen 29. august. Turnépremiere i Larvik 3. september. 

Med Per Christian Ellefsen, Anne Marie Ottersen, Anne Regine Ellingsæter og Thomas Bipin Olsen.

Eit teaterstykke av Axel Hellstenius fritt etter romanen «Ekko av en venn» og utvalde Elling-bloggar av Ingvar Ambjørnsen. Regissør Petter Næss. Komponist Lars Lillo-Stenberg. Scenograf og kostymedesignar Dagny Drage Kleiva. Lys- og videodesignar Oscar Frostad Udbye. Lyddesignar Kolbjørn Lyslo. Produsent Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Oslo Nye Teater.

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Tys. 22.10 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 40 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 550,-

Honnør 445,-

Scenekort 434,-

Gruppe 10+ 445,-

Coop-medlem 434,-

Samarbeidspartnar 445,-

UNDER30 185,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord