Riksteatret: 1984 dub

Kunsten å overvake (seg sjølv)

«Tankeforbryting», «Storebror ser deg», «Kald krig» og «2+2=5». Begrepa stammar frå George Orwell, forfattaren bak klassikarar som Animal Farm og 1984. I dei urolege 1930- og 40-åra blei den britiske forfattaren intenst opptatt av å avsløre totalitære system og verne om enkeltmennesket midt i ein straum av politisk retorikk og masserørsler frå ytste venstre til ytre høgre. 
Kor finst, og finst eigentleg, sanning og fridom når ideologisk kamp tar over alt? Er vi menneske villige til å gjere kva som helst for å få eller halde på makt – frå å forfalske vår eiga historie til å angje eller kansellere våre nærmaste? 


Frå ei anna uroleg tid, nemleg vår eiga, møter regissør og dramatikar Tore Vagn Lid Orwell i ei ny musikalsk framsyning som spelar vidare på det fengande og farlege universet hans. Med utgangspunkt i kjærleikshistoria i kjernen av romanen 1984, beveger Vagn Lid seg gjennom Orwells forfattarskap og ut i vår samtid.  
Her er det ikkje lenger i like stor grad «Partiet» og «Storebror» som står for overvakinga. I algoritmanes og den kunstige intelligensens tidsalder kan overvaking i større grad handle om kunsten å overvake seg sjølv. 


På scena møter du Trond Espen Seim, Jonas Strand Gravli, Maria Omarsdottir Austgulen, Torbjørn Berglund Eriksen, Hanna-Maria Grønneberg og Eirik Fosstveit


Framsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause). 


Urpremiere i Oslo, Nydalen 25. februar 2027 
Turnépremiere i Sandefjord 3. mars 2027 


Av Tore Vagn Lid, fritt etter George Orwell

Regissør Tore Vagn Lid. Scenograf Kyrre Bjørkås.

Lysdesignar Martin Myrvold.

Kostymedesignar Charlotte Høyem Osburg. 

Grafikk og modellarbeid Julia Jayko Fossland.

Produsent Silje Vigerust Vinjar.

Produsert av Riksteatret. 

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no

 

 

Vis meir

Lau. 03.04 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 20 min

Billettpris:

Ordinær 515,-

Honnør 417,-

Scenekort 415,-

Gruppe 10+ 417,-

Coop-medlem 415,-

Samarbeidspartnar 417,-

Skuleklasse 155,-

UNDER30 185,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord