Psykolog med sovepose
Johanne Refseth: Naturen som lykkepille
Johanne Refseth er psykologen som kurerte si eiga kjærleikssorg ved å bli ein utesovande friluftselskar med hang til kaffibål og mosegrodde skogar. Etter denne opplevinga byrja ho å leite etter fakta bak magien: Kvifor blei livets nedturar enklare når dei blei servert med novemberskog og fiskestang? Kva seier forskinga og korleis lenkar dette til kvardagsproblema våre?
I dette foredraget fortel Refseth om psykologien bak det å vere menneske. Om kvifor kjensler blir til magesmerter, hovudverk og konsentrasjonsproblem. Om korleis vi deretter byrjar å unngå det går føre seg inni oss. Om korleis informasjonen frå psykologiforskainga byrja å gje meining sett med uteelskaren sine auge. Fordi naturen har ein reparerande effekt på oss som går djupare enn berre til redusert angstnivå og positive kjensler: Det er her vi høyrer heime.
Les meir om Johanne Refseth: Psykolog med sovepose her
Følg ho på Instagram og Facebook
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
