Nordvesten Sogn og Fjordane

Velkommen til korpsfest i Operahuset Nordfjord!

Norges Musikkorps Forbund Nordvest arrangerer, saman med teknisk arrangør Eid Musikklag, «Nordvesten Sogn og Fjordane» laurdag 14. og sundag 15. mars i Operahuset Nordfjord.

Nordvesten er den årlege konsertarenaen og konkurransen for skule- og generasjonskorps i Trivselsfylket, der dei konkurrerer og spelar konsertar for kvarandre. Det er ein viktig møteplass for å bli inspirert og ha eit samlande mål å jobbe mot, og ikkje minst knyte vennskap og dele musikkinteressa med andre frå regionen. Å legge til rette for motivasjon til musikalsk utvikling og trivsel hos korpsmusikantane som er framtida for kulturlivet i bygdene er viktig, og der dei finn felles inspirasjon, samhald og speleglede.

I år samlast over 400 musikantar på Nordfjordeid. Det er 17 korps med frå heile Sogn og Fjordane, i tillegg til juniorkorps, aspirantar og musikantar i Nordvest ungdomsbrassband.

Parallellt med konkurransen laurdag 14. mars er det aspirantseminar med heile 50 stykker frå 9 ulike skulekorps. Dei skal øve til å vere solistar på festkonserten på kvelden. Festkonserten er vi svært stolte av at det er regionskorpset vårt Nordvest Ungdomsbrassband (NUBB) som skal spele, saman med lokale solistar. Dei er no godt etablert med 54 musikantar frå 21 ulike korps, og vi gler oss til ein fengande konsert.

Teknisk arrangør, Eid Musikklag, står klar for å leggje til rette for ein fantastisk dag, og passe på at mange hundre spente born, ungdommar, føresette og reiseleiarar blir underhaldt og forsynt. Dagen blir avslutta med konsert med Ungdomsstorbandet i regi av Sunnfjord Kulturskule i samarbeid med kulturskulane i regionen, etterfølgt av diskotek og moro i Gymmen. så det er duka for ein storslått dag på Eid med musikk og rytme, spenning, applaus, smil og latter, og fest.

Velkommen til Nordfjordeid 14. mars. 

Gratis inngang og ope for alle!

Vis meir

Lau. 14.03 Kl. 9.00

Kjøp billett

Lengde: 31 t 0 min

Billettpris:

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord