Nordfjordkonferansen 2025

Eit sterkt Nordfjord for ei sterk framtid!

Velkomen til Nordfjordkonferansen 2025 – Ein viktig møteplass for næringslivet, offentleg sektor og personar som brenn for utviklinga av regionen.
 
Årets tema er «Eit sterkt Nordfjord – for ei sterk framtid», og vi set søkelys på korleis vi kan styrkje regionen som ein attraktiv stad å bu, leve og arbeide. Gjennom inspirerande foredrag, panelsamtalar og debattar samlar vi nokre av dei fremste stemmene innan næringsliv, politikk og samfunnsutvikling både nasjonalt og regionalt.
 
Foredragshaldarar: Bård Sandal, Trygve Slagsvold Vedum, Knut Vareide og Mats Grimsæth.
Lokale foredragshaldarar: Svein Ørjasæter (Lodgen Stryn), Synne Marie Oppheim (Brødrene Aa), Eli Førde Aarskog (Sagastad), Hroar Holm Carlsen (Elkem Bremanger), Kristian Lundebrekke (Måløy Verft) og Linda Hovland (Framtidsfylket).
Debatt om sentrale utfordringar og moglegheiter for Nordfjord og regionen med Sogn og Fjordane-benken; Alfred Bjørlo, Erling Sande, Olve Grotle og Torbjørn Vereide.
 
Nordfjordkonferansen har som mål å styrkje regionen si posisjon og identitet, synleggjere menneska og aktørane som bidreg til vekst, og skape ein møteplass der kunnskap, erfaring og idear kan delast. Programmet dekkjer både nasjonale og regionale tematikkar, frå utanforskap til næringsutvikling, og legg til rette for nettverksbygging og samarbeid på tvers av bransjar.
 
Konferansen er eit samarbeid mellom Inviro, Nordfjordkompaniet, Vestland Fylkeskommune og alle kommunane i Nordfjord.

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

Vis meir

Tys. 06.05 Kl. 8.45

Kjøp billett

Lengde: 7 t 0 min

Billettpris:

Student 595,-

Pensjonist 695,-

U40-medlem 695,-

Gjest 1495,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord