Nordfjordkonferansen 2024

Nordfjordkonferansen er ein næringslivskonferanse for heile Nordfjord, på tvers av bransjar og næringar.

Med tematikken «bu, leve og arbeide i Nordfjord» vil ein få høyre lokale, regionale og nasjonale foredragshaldarar som vil inspirere, motivere og engasjere. 

Næringslivskonferansen er open for alle!

Foredragshaldarar under Nordfjordkonferansen:
Erling Sande – Kommunal- og distriktsminister
Jon Askeland – Fylkesordførar Vestland fylkeskommune
Helene Frihammer – Regionsdirektør NHO Vestland
Lokale aktørar frå Nordfjord: Kristine Dahl, Arild Bødal, Sindre Seppola Reed, Sindre Kvalheim, Knut Tore Nes Hjelle og Randi Humborstad

Inge Solheim, ein av verdas leiande adventure- og polarguidar, med over 20 ekspedisjonar til Nordpolen, samt ekspedisjonar til Sydpolen, Sibir, Kazakhstan, Himalaya mfl. vil også halde eit inspirasjonsforedrag. Han leia også ekspedisjonen «Walking with the wounded» til Nord- og Sydpolen saman med Prince Harry for nokre år sidan. Her vart det også laga eit TV-program som vart svært populært i Noreg.

Mats Andersson er konferansier
Sigurd Reksnes vil ønskje velkomen

Operasongar Eivind Kandal gjev eit musikalsk innslag
Det vil bli servert varm lunsj, og noko attåt kaffien.

Arrangørar for konferansen er Inviro i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Nordfjord-kommunane

Les meir om både program og foredragshaldarane her: www.inviro.no

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, ein institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

Vis meir

Tys. 11.06 Kl. 8.30

Kjøp billett

Lengde: 6 t 45 min

Billettpris inkl. avg.:

Standard pris 1499,-

Pensjonist 699,-

Unge vaksne under 30 år 499,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord