Noahs ark (2D, Norsk tale, Norsk tekst)
Ein morosam og original vri på ei av dei mest ikoniske og velkjende historiene gjennom tidene, med ein sjarmerande kombinasjon av humor, sjarm og elskverdige karakterar.
Vi følgjer to mus: Vini, ein karismatisk poet med forferdeleg sceneskrekk, og Tito, ein talentfull og sjarmerande gitarist. Når regnet kjem, får berre éin hann og éi ho av kvar art lov til å vera med på Noahs ark. Med hjelp frå ein oppfinnsam kakerlakk og eit snev av flaks, snik Vini og Tito seg om bord på arken, og saman hindrar dei ein konflikt mellom kjøtetarar og planteetarar om bord. Samstundes framfører dyra ei rekkje klassiske songar inspirerte av den verdskjende poeten Vinicius de Moraes. Kan desse talentfulle blindpassasjerane bruke musikk til å bryte spenninga og hjelpe dei samanpakka skapningane med å overleva dei 40 dagane og 40 nettene saman?
06.06.2025
Alder: 6 år

Detaljar
Regissør: Alois Di Leo, Sergio Machado,René Veilleux
Produksjonsår: 2024
Premiere: 06.06.25
Manus: Sergio Machado
Land: Brasil
Sjanger: Eventyr, Musikal
Språk: Norsk
Undertekst: Norsk
