Natt i Betlehem
Solveig Slettahjell, Tord Gustavsen og Sjur Miljeteig
Sidan Solveig Slettahjell i 2005 reiste til Fødselskirken i Betlehem for å spele inn det kritikarroste albumet Natt i Betlehem har ho kvart år halde nokre få eksklusive julekonsertar. I Kulturkirken Jakob i Oslo har dette blitt ein tradisjon som kvart år samlar fulle hus.
Endeleg kjem Solveig til Operahuset Nordfjord!
Saman med pianist Tord Gustavsen og trompetist Sjur Miljeteig tolkar ho julesongane med ein intensitet og ei innleving berre Solveig kan.
På programmet finn vi mellom anna Stille natt, Deilig er jorden, Jeg synger julekvad og Kling no klokka, men også mindre kjende julesongar som den tradisjonelle amerikanske Sleep Holy Babe og Å kunne jeg bare bli barn igjen av Sigurd Lunde og Karl Marthiniussen.
Aftenposten skreiv i si melding at dei tre musikarane viser ei djup kjensle for julebodskapen: «Musikken er neddempet, både andaktsfull, skjør og høytidelig. Dette er musikk til ettertanke og refleksjon.»
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.