Nær Sagt #4
Piller – vilkårleg verktøy eller varig vidunderkur?
I denne førelesinga vil Aarre fortelje om korleis ulike medikament verkar og kva nytte dei har i behandlinga av psykiske vanskar. Han legg særleg vekt på middel som vert nytta mot psykose og depresjon og vil gå nokså detaljert inn på kva vitskapen har vist oss om effekten av dei. Førelesinga er delt opp i to delar med ein pause imellom. Det blir høve til å stille spørsmål etter kvar bolk.
Arrangementet er gratis og ope for alle, men hugs å bestill deg billett for å vere sikra plass!
Arrangert av Nordfjord psykiatrisenter, Stryn, Stad og Kinn kommune, Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse (LPP) og Rusettervernet.
Rullestol? Kontakt oss på post@operahuset.no
Vis meir

