Nær Sagt #3
I over 50 år har Rusettervernet i Sogn og Fjordane vore ei trygg hamn for personar som har tatt eit val om å leve uten bruk av rusmidlar, eller som er påvirka av andre sin rusbruk. Uavhengig av kjønn, type rusmiddel, religion eller alder, har denne fylkesbaserte frivillige organisasjonen tilbydd felleskap i sjølvhjelpsgruppe eller samtale med likesinna.
Eysteinn Udberg har mange år bak seg i Rusettervernet, den seinare tid som tilsett fylkessekretær. Og gjennom alle desse åra har han samla mykje kunnskap og erfaringar om eit tema som for mange er både alvorleg og sårt. Og for endå fleire er både fjernt og uverkeleg. På operahuset og «Nær sagt», skal han dele sine betraktningar og refleksjonar knytt til fordommar og stigma, rusbehandling, diagnose og ikkje minst kven som har skulda. Her er ingen avanserte ord og formuleringar, master eller doktorgrad. Men høgde under taket for ein gammal røvar med sjølvironi som kanskje kan snu opp ned på nokre tankar.
Arrangementet er gratis og ope for alle, men hugs å bestill deg billett for å vere sikra plass!
Arrangementet er eit samarbeid mellom Nordfjord psykiatrisenter, Landsforeningen for pårørande innen psykisk helse (LPP), Rusettervernet, Stryn kommune, Stad kommune og Kinn kommune.
Rullestol? Kontakt oss på post@operahuset.no

