«Nær sagt”

Kva er psykiske helseplager? Kva er ein diagnose?

Psykiater Trond F. Aarre vil innleie og det vert ope for spørsmål både 
anonymt og direkte frå salen. Pause med kaffi/te og høve til å pratast.
Arrangementet er ope og gratis for alle.

 

«Nær sagt”

“Eg hadde så nær sagt….” Har du sagt dette, men ikkje fullført setninga? Har du lurt på noko som vert for nært å seie å høgt? Treng du eit forum der du får informasjon og kan stille spørsmål om det som nær sagt handlar om oss alle, men likevel kan vere litt vanskeleg?

I samband med Verdsdagen for psykisk helse vert det open kveld i Operahuset 7. oktober der alle som er nyfikne på kva psykiske helseplager er og kva ein diagnose er, er hjarteleg velkomne. Psykiater og avdelingssjef ved Nordfjord psykiatrisenter Trond F. Aarre vil innleiie og det vert mogeleg å stille spørsmål, både anonymt og direkte frå salen.

– Dersom vi kan få til ei betre forståing for kvarandre og normalisering av noko av det menneske kan streve med, så tenkjer vi det er positivt, seier Aarre.

Det er Nordfjord psykiatrisenter, Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse (LPP) og Rusettervernet som tek initiativ til ein serie med opne kveldar for å snakke om psykisk helse og rusbruk. Med på laget er også kommunane Stryn, Stad og Kinn.

  • Dette er eit ope og gratis arrangement for alle i Nordfjord, seier Aarre. Ideen kom etter eit møte med LPP der det vart etterlyst meir informasjon og folkeopplysning om temaet psykisk helse.

Tittelen til foredragsrekka “Nær sagt” kom frå erfaringskonsulent ved Nordfjord psykiatrisenter Oda Brendehaug.

– Den syner både til munnhellet som er kjent i heile Nordfjord, og til at det handlar om noko som er nært og personleg å snakke om for mange, forklarer ho.

– Vi ser at “mannen i gata” framleis syns det er litt vanskeleg med psykiske helseplager og kva som er kva, utdjupar Brendehaug.

– Her er ein sjanse til å få litt informasjon og få svar på spørsmål ein sit med, og i tillegg ha ein triveleg kveld, seier ho. I pausen vil det bli servert te og kaffi og høve til å slå av ein prat med kvarandre.

– Absolutt alle som ynskjer det er velkomne, understrekar arrangørane.

Vis meir

Tys. 07.10 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 0 min

Billettpris:

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord