Morgendagens helter – del 1 (Samtaleversjon)
Panelet samtaler i etterkant av filmen om kva vi kan gjere i møte med klimakrisa, og kva det er som hindrar oss. Korleis vi kan kome oss frå ord til handling?
JON FROGNER er lokalpolitiker for Venstre og ihuga surfar. Han har sjølv gått frå ord til handling då han flytta frå Austlandet for å kome nærare naturen og bølgene på Stadlandet.
MARTE SOFIE SØREIDE jobbar i Stad kommune som miljøvernrådgjevar, og har ansvar for fagområda natur, klima og miljø. Ho er utdanna økolog og er opptatt av korleis leve berekraftig og komme nærare naturen.
MARIE KRISTINE KROKEN er lokalpolitikar for MDG. Ho flytta heim etter mange år i Oslo for å kome seg ut av hamsterhjulet og få betre tid til barn, bøker og betasuppe.
ANNE-JORIL BRATLIE HAUGLAND er prosjektleiar for Grøn Integrering, skulehagepedagog og øko-gartnarspire. Brenn for å formidle kunnskap om dyrking av nyttevekstar i norsk klima som den viktigaste form a for matberedskap vi kan ha.
MARIUS DALIN er Stortingsrepresentant for MDG – ny på Stortinget, men med lang erfaring i å hjelpe som lege både i Noreg og i Sør-Sudan. Han har sine tankar om kva vi alle kan bidra med.
MARIKEN HALLE er utdanna filmskapar frå filmkunstskolen i Kabelvåg og Akademin Valand i Gøteborg. Ho jobbar med improvisasjon og ei blanding av skodespelarar og folk som ikkje er skodespelarar i filmane sine for å skape eit levande språk.»Morgendagens helter» er hennes fjerde langfilm og er produsert av ALTERNATIVET. Mer info: marikenhalle.com

Detaljar
Skodespelarar: Guro Bruusgaard, Ivar Furre Aam, Thorbjørn Harr, Mubarak Muse, Marie Storli, Andrine Sæther, Harald Breievne, Josephine Kylén Collins, Lisa Lie, Lærke Grøntved
Regissør: Mariken Halle
Produksjonsår: 2025
Premiere: 05.09.25
Manus: Mariken Halle, Lisa Lie
Land: Norge
Sjanger: Komedie
Språk: Original
Undertekst: Norsk


Alder: 6 år