Kjølsdalen musikklag 100 år – jubileumskonsert og festmiddag
100 års fest med jubileumskonsert og festmiddag!
Laurdag 31. mars 2026 markerer Kjølsdalen musikklag 100 år med korpsmusikk, speleglede og lagarbeid! Alle er med dette inviterte til ei storslått feiring i Operahuset Nordfjord, med jubileumskonsert og tilhøyrande festmiddag. Konserten skal løfte fram både historia, notida og framtida til musikklaget – eit lag som i hundre år har vore ein viktig kulturberar i Kjølsdalen og bygdene rundt, så vel som i resten av Nordfjord og Sogn og Fjordane.
Frå pionerane som starta opp med ei handfull unge gutar i 1926, og fram til i dag, med eit korps som tel nærare 40 musikantar i alderen 15–70 år frå Stryn, Bremanger, Kinn og Stad, har Kjølsdalen musikklag sett sitt tydelege preg på både kvardagsliv og høgtider. Jubileumskonserten tek publikum med på ei musikalsk reise gjennom tid og sjangrar – frå dei første tonane til heilt nye notar.
På scena denne dagen står òg to musikalske bestevener av korpset: Odd-Erik Lothe og Hege Kristin Lillestøl Naustdal. Begge har samarbeidd med musikklaget ved fleire høve, og med sitt sterke musikalske engasjement og nære tilknyting til laget vil dei vere med på å gjere jubileumskonserten til ei ekstra minneverdig oppleving.
Hege Kristin og Kjølsdalen musikklag er gjensidig glade kvar gong dei får høve til å samarbeide – frå 50-talsinspirerte storbandshow til dei vakraste julesongane. Ofte har ho med seg heile eller delar av familien sin på scena, og i 2021 fylte familien Lillestøl Naustdal og musikklaget Operahuset Nordfjord to gonger med koronajulekonserten «Det lyser i stille grender».
Odd-Erik er opphaveleg frå Kjølsdalen og har spelt i både skulekorpset og musikklaget. Han er ein allsidig musikar, songar og låtskrivar, hovudsakleg innanfor eit utvida viseomgrep, men har òg markert seg i sjangrar som rockabilly og humor. Lothe er kjend frå banda Fabel, Lothe, Finn-Erix, Krom og Green Granadas. I september 2025 feira han 30 år som plateartist nettopp i Operahuset Nordfjord – med Kjølsdalen musikklag som gjesteband.
Den som skal leie publikum gjennom denne festdagen, er den svært taleføre og stødige ordmannen Terje Gilleshammer. Til dagleg bur og jobbar han i Førde, men er oppvaksen i Kjølsdalen og har eit stort hjarte for bygda.
Når musikklaget no inviterer til jubileumsfeiring, er alle òg hjarteleg velkomne til festmiddag i foajeen i Operahuset Nordfjord etter konserten. På menyen står heimelaga hjortegryte og eit kakebord ein berre finn i Kjølsdalen!
Har du spørsmål om arrangementet, gjer vel å ta kontakt med: kjolsdalen.musikklag@gmail.com.
Vel møtt til 100-årsfeiring!
Foto: Sigve Brochmann Rasmussen
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Lau. 21.03 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 30 min
Billettpris:
Jubileumskonsert ordinær 375,-
Jubileumskonsert skulekorps 75,-
Jubileumskonsert med middag 625,-
Jubileumskonsert barn 175,-

