Inspirasjonskveld for barnehageforeldre

Korleis gje barna ei solid, indre kjerne som står stødig i ei omskifteleg tid?

Velkomen til gratis inspirasjonskveld – for alle barnehageforeldre i Stad kommune!

Saman med Stad kommune har samarbeidsutvalet i Golvsengane barnehage gleda av å invitere alle barnehageforeldre i Stad kommune til ein nyttig og kjekk temakveld med inspirasjon og nydeleg musikk på programmet!

Korleis skal vi gjere barna våre meir robuste og i stand til å tåle utfordringar i livet?

Denne kvelden får vi besøk av psykologspesialist og psykoanalytikar, Line Marie Warholm – fast spaltist i Aftenposten og forfattar av boka «Foreldrerevolusjonen – Fire veier til robuste barn»! Line har bakgrunn frå både barne- og ungdomspsykiatrien og familievernet, frå psykisk helsevern for vaksne og sikkerhetspsykiatri, frå privat praksis og frå arbeid som fagkyndig meddommer i tingretten.

Vi håpar og trur kvelden vil kunne gje oss ny inspirasjon, nye perspektiv – og auka sjølvtillit og styrkje i rolla som forelder og omsorgspersonar for våre aller minste. 

Kl. 19.00-19.15: Gled deg til eit flott musikalsk avbrekk med dei dyktige lokalartistane våre, Hege Naustdal og Atle Oen. – Begge tilsette i oppvekst og opplæring i Stad kommune!

Vi håpar du tek turen!

Vis meir

Ons. 12.02 Kl. 18.00

Lengde: 2 t 0 min

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord