Hildegunn & Leif-Per

Moltubakk gjer comeback!

Den eksentriske husmora frå Ulsteinvik og taxisvogeren hennar er endeleg tilbake på norske scener!

Mykje har skjedd i livet til Hildegunn sidan sist – ho er skilt, ho er blitt bestemor til sju, ho har deltidsjobb på Cubus – og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta coach-utdanning. I tillegg vaskar ho framleis kleda til eksmannen sin. 

Leif-Per har kjøpt seg hytte med vakuumtoalett i, og den single taxisjåføren er framleis Søre Sunnmøres mest habile gitarist. Denne gongen satsar radarparet frå Ulsteinvik stort på alle dei moglegheitene som melder seg når ein ikkje skal samarbeide med Kringkastingsorkesteret. 

Det er berre å belte seg fast for dramatikk, komikk og musikk – i eit heilaftans show ikkje liknar så mykje anna!

«Hildegunn & Leif-Per – Utan Kringkastingsorkesteret» har premiere på Løvenvold Theater i Ålesund til hausten – med allereie fulle hus og ekstraframsyningar.

Over 170.000 menneske over heile landet har sett dei tidlegare showa med Hildegunn og Leif-Per. 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

Vis meir

Lau. 08.02 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 20 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 545,-

Gruppe 495,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord