Herborg Kråkevik: Helsing Herborg

Vi vandrar saman med Kråkeviks songbok – Herborg Kråkevik trio på turne med stopp på Nordfjordeid 2. september.

Helsing Herborg er ein intimkonsert med innslag frå Kråkeviks songbok, Edith og eg, Herborgs verden og songar frå årets sesong av Hver gang vi møtes på TV2. Herborg kjem med heile sitt register av inderlege tolkningar av norske songbokskattar til uvørne/uærbødige parodiar og uventa tolkningar av moderne popmusikk. Med seg har ho pianisten Helge Lilletvedt/ Tove Kragset og Torbjørn Økland på gitar og trompet.

For nokon av oss er det songar og bilder me har vokse opp med og er glade i, for andre er det nyoppdagingar, men med Herborg som vegvisar gjennom konserten er me sikra å bli kjærleg kjende med skattane. Ho vil også få oss til å syngja saman og gje oss ei oppleving av noko me eig i lag. 

Herborg Kråkevik er ein allsidig songar og skodespiller, særlig kjend for sine tolkningar av norske songer og viser fra det klassiske norske sangrepertoaret, samt for store sceneroller og elleville parodiar. Herborg er eit «scenedyr» med store roller frå teateret og mange sjølvlaga forestillingar og cabaretar i bagasjen. Me kan lova ein musikalsk og verbalt underhaldande kveld. Vi gler oss til Herborg kjem til Operahuset Nordfjord for aller fyrste gong.

 

 

Vis meir

Ons. 02.09 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris:

Ordinær 575,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord