Henden – rekviem for en fotograf

Krigsfotograf Harald Henden var Norges blikk ved frontlinene i fleire tiår, men over natta må han kjempe sin eigen, personlege kamp.

Den kjende krigsfotografen Harald Henden får ei uhelbredeleg diagnose og innser at han berre har månader att å leve. Tida som følgjer vert fylt av kontrastar, frå sjukehusbesøk til prisutdelingar og varme, humørfylte stunder med bestevenen Morten. Samstundes ser Harald attende på eit ekstrem tilvære som utrykningsklar fotograf, med ein koffert pakka for alt som kan gå gale i nokon av dei verste konfliktområda på jorda. Harald fortel om bileta han har teke og reflekterar samstundes over bileta han ikkje tok, i augeblikka kor han la frå seg kameraet for å hjelpe. Rune Denstad Langlo, regissøren av filmen «Henden», venta å møte ein hardhuda krigsfotograf, men sit att med biletet av «ein ydmjuk gentleman, full av humor og varme». Harald Henden tok ikoniske bilete som fekk mykje å seie for ei heil verd, og dokumentaren om han løftar dei opp på det store lerretet, i ei humørfylt og universell historie om korleis me menneske kan forsone oss med den begrensa tida me har på jorda. “Rørende, raus og overraskende morsom” – Adresseavisen

Vis meir

Mån. 03.11 Kl. 13.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 19 min

Billettpris:

Ordinær 125,-

Aldersgrense 12 årAlder: 12 år

Detaljar

Regissør: Rune Denstad Langlo

Produksjonsår: 2025

Premiere: 03.10.25

Land: Norge

Sjanger: Dokumentar

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord