Helse i kvardagen: 60+
Saman løftar vi blikket mot framtida!
- Korleis planlegg vi framtidas helsetenester
- Korleis kan vi bu trygt heime lengst mogleg?
- Kva gir meining og livsglede i kvardagen?
- Og korleis kan vi støtte kvarandre i å leve gode liv?
Måndag 8. juni inviterer Stad kommune til eit ope informasjons- og kunnskapsmøte om aldring og helse. Dette er ei samling for deg som er oppteken av livskvalitet, helse og gode omsorgstilbod i eldre år.
Helse- og omsorgstenestene er i utvikling, og det skjer endringar i måten vi løyser oppgåvene på. Samstundes veit vi også meir enn før om kva som gir god livskvalitet, meistring og tryggleik i kvardagen.
Denne kvelden ønskjer vi å gje eit godt og oversiktleg bilete av korleis kommunen arbeider med framtidas helsetenester. Målet er å gi deg innsikt i kva som er under utvikling – og kva moglegheiter som finst for å leve godt og trygt heime, også når helsa endrar seg.
Program
Del 1 : omlag 1 time og 10 min
- Velkomen v/ordførar Judith Kvåle og kommunedirektør Kristine Dahl
- Helse og omsorgstenestene i Stad v/kommunalsjef Barbro Longva
- Demensomsorg i Stad v/rådgjevar Hege-Anita Nesbø
- Helseteknologi i Stad v/kommunalsjef Barbro Longva
Pause 20 min – med kaffi og noko å bite i
Del 2 : omlag 1 time og 15 min
- Bu trygt heime v/Ragna Flotve frå Statsforvaltaren i Vestland
- Førebygging og aktivetet v/Fysio- og ergoterapiavdelinga
- Eid frivilligsentral v/dagleg leiar Astrid Grete Torheim
- Panelsamtale med oppsummering
Panel: Stad eldreråd v/ Åge Starheim, Røde Kors omsorg v/Toril Fjørtoft, Statsforvaltaren v/Ragna Flokve, kommunalsjef Barbro Longva, Eid frivilligsentral v/Astrid Grete Torheim
Målet med samlinga er å gje innsikt, skape forståing, inspirasjon og rom for refleksjon. I panelsamtalen møtest fagpersonar, brukarar, pårørande, frivillige og beslutningstakarar for å dele erfaringar og lære av kvarandre.
Påmelding
Arrangementet er gratis, men du må melde deg på. Det er fri plassering i salen (ingen setereservasjon).
Det er også mogleg å reservere billett ved å ringje Stad bibliotek på telefon 918 58 980. Billetten kan du hente i billettluka når du kjem.
Har du rullestol, må du ta kontakt for bestilling og reservasjon av plass på post@operahuset.no
Transport
Treng du transport til arrangementet?
Det er sett opp gratis transport frå Leikanger og Selje.
Påmeldingsfrist for transport:
Søndag 7. juni.
Leikanger-Nordfjordeid-Leikanger (transport om Bryggja)
Avgang Leikanger (stoppestad Leikanger v/korsen) kl. 15.30.
Bryggja-Nordfjordeid-Bryggja
Påstigning Bryggja (stoppestad: Bryggja – v/grendahuset) ca. kl. 16.15.
Selje-Nordfjordeid-Selje (transport om Flatraket)
Avgang Selje (stoppestad: Selje – v/hamna/prestegarden) kl. 15.30.
Flatraket – Nordfjordeid-Flatraket
Påstigning Flatraket (stoppestad: Flatraket – v/skulen) ca. kl. 16.05.
Retur etter arr. kl 20.00.
Vi ønskjer alle velkomne!

