Hellbillies – Leite etter lykka

Hellbillies inviterer til ny suksess!

I 2020 markerte Hellbillies sine første 30 år med ein stor jubileumsturné, «30 år på vegen», der dei besøkte alle dei største kulturhusa i landet. Turneen blei ein formidabel suksess og selde ut over alt, også her i Operahuset Nordfjord. 

No følgjer Hellbillies opp suksessen, med ein ny kulturhusturné. Den har fått tittelen «Leite etter lykka», og startar i oktober 2024. Tanken bak er som sist gong: å kunne møte sitt trufaste publikum og sjå tilbake på åra som har gått. Kanskje også å kaste eit lite blikk framover ved å presentere nytt materiale, eller materiale som ikkje har blitt framført frå scena på mange år.

I løpet av sine 33 år på vegen har Hellbillies vore ein stødig leverandør av perler til den norske songskatten, og dei har også opparbeida seg ein status som eitt av vår tids mest vitale rockeband. Denne konserten er for eit sitjande og lyttande publikum, og bandet gler seg veldig til nok ein gang å kunne møte sitt publikum på denne måten.

Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no

Vis meir

Fre. 29.11 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 625,-

Forsalg 625,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord