Heim til jul med Helgesenkoret
Det blir eit gledeleg gjensyn med Helgesenkoret 5. og 6. desember i Operahuset Nordfjord. Dei byr på ei variert og stemningsfull oppleving med julemusikk for alle.
Opplev fortryllande tonar og la julefreden breie seg rundt deg og i deg, heilt av seg sjølv. Konserten vil spenne frå det vakre og vare til humoristiske innslag, barnekor og mektige korstykke. Her får du både norske og engelske songar, i både rolege og meir opp-tempo variantar. Programmet spenner frå tradisjonelle klassikarar til eigne arrangement, framført av både kor og solistar. Med band og blåserar på laget får konserten eit rikt og levande lydbilete, forsterka av fantastisk lyd og lys i operasalen. Eit ekstra høgdepunkt er familiekoret, der nokre av songarane sine barn også deltek på utvalde nummer.
Nytt høvet til ein kveld med desembermagi med Helgesenkoret. Ta gjerne med borna på konsert, billettprisen for dei er berre 75 kroner!
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Lau. 05.12 Kl. 16.00
Kjøp billettSøn. 06.12 Kl. 15.00
Kjøp billettLengde: 2 t 0 min
Billettpris:
Ordinær 490,-
Barn 75,-

