Hedvig Montgomery
Foredrag for foreldre – og alle andre som har med born og unge å gjere
Korleis setje grenser for born, i ei krevjande tid med alt som skjer på nett, mobil og dataspel – og opp i alt dette ha ha eit vanleg familieliv med plass til fritidsaktivitetar og slikt?
Psykolog og familieterapeut Hedvig Montgomery tek oss gjennom born si utvikling frå spedbarn til tenåring. Kva kjenneteiknar dei ulike fasane, og kva kan du gjere for å vere ei god støtte?
Hedvig Montgomery er ein av dei mest anerkjende psykologane i landet og er spesialist innan familie- og parterapi. Ho står bak den internasjonal bestseljande bokserien «Foreldremagi», som er omsett til 23 språk. I samarbeid med Aftenposten har ho den faste podkasten og A-magasinspalta Foreldrekoden. I tillegg har Montgomery lang erfaring med arbeid med TV-produksjonar og oppfølging av menneske som opplever medieeksponering. Ho er deleigar av praksisen Montgomery AS.
Føresett? Bestemor eller bestefar? Barnehagelærar? Lærar? Trenar? Alle som har med born og unge å gjere er hjarteleg velkomne til ein interessant kveld i operasalen!
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Ons. 05.02 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 30 min
Billettpris inkl. avg.:
Ordinær 350,-
Gruppe 5+ 300,-