Håndbok for superhelter
Supersuksessen «Håndbok for superhelter» er endeleg blitt film!
Lisa har nettopp flytta til byen Rosenhill og slit med å finna plassen sin. Men ein dag oppdagar ho ei handbok som lærer bort superkrefter. Ho blir superhelten Raude maske og greier å hindra tjuveriet av ein sjeldan mynt. Men då byens gangsterkonge Wolfgang kidnappar ordføraren for å få tak i mynten, blir alt sett på spel. Kan Lisa samarbeida med dei som mobbar henne for å overvinna Wolfgang – før han stel ein 700 år gammal skatt som kan redda byen frå undergang? Filmen er basert på dei fire første bøkene i serien; Håndboken, Røde maske, Alene og Ulvene kommer.
13.02.2026
Alder: 6 år

Detaljar
Regissør: Patrik Forsberg
Produksjonsår: 2025
Premiere: 13.02.26
Manus: Anoo Bhagavan
Land: Sverige, Norge
Sjanger: Animasjon
Språk: Norsk
Undertekst: Norsk

