Halvor Folgerø: Ferjefolket
Opplev Halvor Folgerø fortelje dei beste historiene og vise dei finaste bileta frå si nye bok!
Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar.
I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.
Halvor Folgerø er forfattar, musikar, journalist og programleiar. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene Vestlandsvegar (2021) og Fleire Vestlandsvegar (2022). Lesarar over heile landet har blitt begeistra over Halvor sine engasjerande foredrag. Han er kjent for å vera ein formidlar i særklasse.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Stad bibliotek og Operahuset Nordfjord.
Avgrensa antal plassar.
Gratis, men med billettbestilling.