Hallingline
Sirkus og lausdans
Hallingdans og linedans har meir til felles enn du kanskje trur. I denne 20 minutts framsyninga møtest dei to eldgamle danseformene og blir til éi!
Linedansaren Håkon Hemmer forsøker å bruke kvar einaste millimeter av stålkabelen til å lage glede, med den vakre norske dansen som feirar livet.
Og ja, det er snakk om linedans, altså dans på line, ikkje linedance!
Etter mange hyperaktive år med breakdance, taekwondo og parkour fann Håkon endeleg ein litt rolegare aktivitet: linedans. Med vekt på litt. Gjennom å gjere linedans byrja han å dyrke ei forståing av indre fred.
Sjølv seier han: «Kunsten min representerer en øm og kjærlig side av det å være menneske. Jeg liker å finne ting som aldri har blitt gjort innenfor disiplinen linedans før, både av tekniske ferdigheter, men også kunstnerisk og konseptuelt.»
Håkon Hemmer har vore elev og er lærar på sirkuslinja ved Fjordane folkehøgskule. Les meir om han her: www.håkonhemmer.com
Vi sel kaffi, brus og vatn og kiosken er open. Du kan ta med flaskevatn inn i operasalen, men anna drikke eller mat er ikkje lov der.
Opplev meir!
Vil du nyte eit godt måltid før eller etter framsyninga? Sjekk www.hjartestad.no/ein-stad-a-ete
Meir informasjon om Nordfjordeid og Stad kommune: www.hjartestad.no
Meir informasjon om Nordfjord: www.nordfjord.no
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, ein institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no