From the World of John Wick: Ballerina
I BALLERINA trør me inn i det velkjende universet til John Wick, der me møter Ana de Armas som den dødelege snikmordaren Eve Macarro, oppvaksen og trena i Ruska Roma sine beinharde tradisjonar. Væpna med eineståande eigenskapar og eit brennande ynskje om hemn, legg ho ut på ei nådelaus og blodig jakt etter dei skuldige i mordet på faren. Eit oppdrag fylt med intens og velkjend action slik me kjenner den frå John Wick-filmane.
Vis meir

Detaljar
Skodespelarar: Ana de Armas, Keanu Reeves, Lance Reddick
Regissør: Len Wiseman
Produksjonsår: 2025
Premiere: 06.06.25
Land: USA
Sjanger: Action
Språk: Engelsk
