FRIKAR: Fenrir
Om å takle dei utamde kjenslene våre, vår indre ulv.
Velkomen til «FENRIR» med FRIKAR, ei reise inn i den djuptgåande relasjonen mellom Fenrir og Odin. Kjerna i Ragnarok blir akrobatisk tolka som dei indre kreftene i oss.
Rørslekunstnarane Naomi Bratthammer og Hallgrim Hansegård, i samarbeid med komponisten Terje Isungset, skapar ei scenisk tolking av myten om Fenrisulven frå norrøn mytologi. Kan historia lære oss noko om det å fornekte det utemde i oss sjølv?
Odin var spådd å bli slukt av ulven Fenrir, eit symbol for dei utamde kjenslene. Då ulven vart fødd, vart han adoptert av Odin og æsane for å bo saman med dei. som tida gjekk voks ulven seg så stor og sterk at han laut bli bunden. Dei sterkaste kjettingane held ikkje, og Odin får hjelp av dei underjordiske svartalvane til å laga den magiske snora Gleipnir. Fenrir forstår at han kan bli lurt, og krev at krigsguden skal leggje handa si i kjaften hans som pant. Handa blir ofra og Fenrir blir endeleg bunden. Men kost reagerer kjenslene når me bind og fornektar dei?
Mot slutten av ragnarok går det som spådd, ulven slit seg laus og sluker Odin.
Dette er historia som inspirerer ei svingande framsyning av sirkustau, akrobatikk, folkedans og naturinstrumental musikk. Samspelet mellom dei to karakterane gjev oss ei djupare forståing av korleis kjensler og fornuft kan eksistere side om side, og korleis me som menneske kan lære av både styrka og sårbarheita som ligg i denne motsetjinga.
Ifølgje psykoanalytikar Carl Jung har vitskapen bana veg for ei horisontal forståing av verda som fokuserer på imperialisme og forbruk. Med vertikalt tau inkorporerer «FENRIR» ei vertikal, førkristen verdsoppfatning som tilfører mytene tidlause kvalitetar av draumar arva gjennom århundra.
Les meir om FRIKAR og framsyninga her: www.frikar.com
• Hallgrim Hansegård – Idé, koreografi, dans
• Naomi Bratthammer – Idé, koreografi, dans
• Terje Isungset – Komponist og musikar
• Roberto Magro – Dramaturg
• Line Maher – Kostymedesignar
• Gard Gitlestad – Lysdesignar
• Mathias Grønsdal – Lyddesign/lydteknikar
• Kirsti Buchanan Ulvestad – Produsent
Co-produsert av Riksscenen i Oslo, Ål Kulturhus v/ Sprang- Landsdelscene for dans, Västanå Teater i Sverige og Circanario i Spania.
Med støtte frå Kulturdirektoratet fri scenekunst, Kulturdirektoratet komposisjon og produksjon av musikk, Nordisk Kulturfond, Nordic Culture Point, Culture and Art Programme, Scenekunstbruket, Innlandet fylkeskommune, Kultur- og likestillingsdepartementet/ PAHN Kickstart II og Fjelldansen.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Tys. 29.04 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 0 min
Billettpris:
Ordinær 350,-
Barn 250,-
Honnør 250,-
Ungdom/student 250,-
