First Lego Leauge 2025

First Lego League går i år av stabelen i Operahuset Nordfjord laurdag 08. november 2025. Vi håpar så mange vener, famile og andre vil stille opp for å heie og bidra til å gjere denne dagen ekstra stas for borna/ungdomen. Gratis inngang og kiosk.

Realfag og teknologi

FLL har til hensikt å fremme interessa for realfag og teknologi hos born og unge i alderen 4-16 år (På FLL i Nordfjord og Sunnfjord fokuserer vi på FLL Challenge som er frå 10-16år, og i all hovudsak for ungdomsskular).

Gjennom 8-10 veker får barna/ungdommen oppleve ei praktisk tilnærming til realfag og teknologi. Dei får utforske utfordringar frå det «verkelege livet» og finne innovative løysingar som ingen vaksne veit svaret på.

Dei får designe og programmere en LEGO®-robot til å løyse utfordingar.

Dei får forske på ein eigenvalt problemstilling som dei vaksne ikkje sitt på svaret på.

Dei får vise fram arbeidet dei har lagt ned på turneringsdagen, der dei også møter andre lag som har arbeida med same tema og problemstillingar.

Tre kategoriar

Gjennom dei førebuande vekene og ikkje minst på konkurransedagen samarbeida dei om å konkurrere i kategoriane; Prosjekt, Teknologi og Kjerneverdiar

  • Prosjekt: Presentera prosjektet sitt og si innovative løysning på ein sjølvvalt problemstilling.
  • Teknologi: Vise frem robotdesignet og programmeringa for dommarane (robot-konkurranse)
  • Kjerneverdiar: Fortelje om korleis laget har brukt kjerneverdiane i arbeidet med prosjekt og teknologi.

Sjølve oppdraget blir lansert kvart år i september, deretter har skulane 8-10 veker på å jobbe fram prosjekta før ein har ein finaledag i Operahuset Nordfjord i november.

Samarbeidspartnerar

Vi må få rette ein stor takk til våre samarbeidspartnerar, som bidreg både økonomisk og med tid og ressursar for å få gjennomført FLL i Nordfjord:

Eid Vidaregåande skule, Sparebanken Norge, Sparebank1 Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Tekna, Equinor, Nordfjordkompaniet, Åsen&Øvrelid, Stryvo, Coast, Enivest, Paneda, Convene, og Eid Elektro.

Og ikkje minst må vi også rette ein stor takk til alle dommarane som år etter år stiller opp på dugnad og gjer ein fantastisk innsats.

Meir informasjon?

Ta kontakt med prosjektleiar Arild Hjelmeland i Inviro om du har spørsmål (Arild@inviro.no)

 

Vis meir

Lau. 08.11 Kl. 10.00

Kjøp billett

Lengde: 6 t 0 min

Billettpris:

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord