Fantorangen på teater
Endeleg kan barna møte Fantorangen, Pivi, Fantus og Maurora på teaterscena!
Fantorangen og Pivi må plutseleg lage ei teaterframsyning – men korleis gjer ein dét, eigentleg? Fantus vil også vere med, men Pivi seier at Fantus er altfor liten. Pivi og Fantorangen vil heller ha med Maurora, som bur i maurtua og kan dei mest utrulege ting. I Fantorangen, Pivi og Maurora si teaterframsyning kan alt skje – men er det kanskje Fantus som fiksar det meste likevel…?
Fantorangen har gleda barn gjennom NRK Super i 17 år. Fantorangen er ein evig 3-åring, ein notorisk optimist med stor tru på seg sjølv og på at det meste går bra. I «Fantorangen på teater» får barna møte Fantorangen og vennane på ordentleg, dei må løyse mysterium saman, og synge kjente og nye songar.
«Fantorangen på teater» er eit samarbeid mellom Oslo Nye Teater, Riksteatret og NRK. Framsyninga skal på turné med Riksteatret for å glede barn over heile landet.
Urpremiere på Trikkestallen i Oslo 21. februar. Turnépremiere i Fredrikstad 14. mars.
Med Marte Stolp, Jonas Andersen Sandvik, Irene Nessa Bjørnevik og Maia Lohre Køhn.
Av Marianne Sævig. Basert på NRKs tv-serie «Fantorangens verden». Regissør Bård Bjørknes. Dramatikar og dramaturg Marianne Sævig. Scenograf og dokkedesignar Christina Lovery. Lysdesignar Rolf Christian Egseth. Komponist John Vinge. Musikalsk ansvarleg Simon Revholt. Dokkemakar Ella Honeyman-Novotny. Dokkemakar Anna Katarina Granberg. Produsent Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Oslo Nye Teater i samarbeid med Riksteatret og NRK.
Framsyninga varer i om lag 45 min, ikkje pause.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Ons. 04.09 Kl. 18.00
Kjøp billettLengde: 0 t 45 min
Billettpris inkl. avg.:
Venne-/familiepris 4+ 237,-
Ordinær 290,-
Scenekort 236,-
Coop-medlem 236,-
Samarbeidspartnar 237,-
