FAMILIElaurdag med så-dag

Velkomen til FAMILIElaurdag på Operahuset!

Denne laurdagen inviterer både Operahuset Nordfjord og Sagastad til kjekke aktivitetar! Saman har vi sett opp programmet slik at du skal få med deg alt som skjer på begge stadar! Vi ynskjer velkomne til ope bibliotek og open kinokiosk frå kl. 11.00, gratis kino kl. 13.00 og ikkje minst så-dag kl. 14.30! Då inviterer Grøn Integrering og Eid hagelag alle born til å kome og så anten ei solsikke eller eit graskar! Du treng ikkje å ha med deg utstyr, du får det du treng med dei! 
 
Program for dagen: 
 
10:30 Gratis tog frå Allmenningen til Sagastad 
11:00-14:00 Stad bibliotek har ope. Teiknebord og konkurransar!
11:00-14:00 Open kinokiosk hos Stad kino 
Frå 11:00 Boklansering, høgtlesing og aktivitetar på Sagastad 
13:00 Gratisfilm hos Stad kino: «Super-Charlie» (6 år)
Merk: husk å bestille deg gratisbillett her: https://checkout.ebillett.no/161/events/36913/purchase/setup?kanal=dxf 
14:30-15:30 Grøn integrering og Eid hagelag inviterer: så solsikke eller graskar etter kinoen! Du får alt utstyret du treng med oss! 
 
Velkomen til ein ny, kjekk familielaurdag! 
 

Vis meir

Lau. 24.05 Kl. 11.00

Kjøp billett

Lengde: 4 t 30 min

Billettpris:

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord