Eva Weel Skram

Eva Weel Skram er aktuell med ny musikk, og legg ut på turné til hausten.

Det er ei glede å kunne fortelje at ho kjem til Operahuset Nordfjord 19. oktober! 

Med låtar som «Om du vil», «Selmas sang» og den nyaste hiten «La meg være», som har lege spikra på radiolistene i lang tid, er Eva Weel Skram utan tvil ein av de mest folkekjære artistane vi har her til lands. Skram har sleppt to album med norske tekstar, Finne heim frå 2018 og Sleppe tak frå 2021, som hausta strålande kritikkar, og blitt omtalt som både «brutalt ærleg» og «musikalsk modent». Denne våren er det duka for meir ny musikk frå sogndalsartisten, som stadig imponerer med sine liveokonsertar og låtar som treffer blink.

«Eva Weel Skram har lenge vært en av Norges mest distinkte popartister. Med albumet «Sleppe tak» ligger alt til rette for at hun skal bli allemannseie», skreiv Dagsavisen om sistnemnde album, som heva Eva heilt opp i toppsjiktet av norskspråklege popartistar her i landet. 

Sogningen sitt varemerke er fengande melodiar med sterke norske tekstar om tema som ligg hjartet hennar nært, noko som har vist seg å verke både trøystande og inspirerande for hennar stadig større publikum.

Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Lau. 19.10 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 595,-

Forsalg 595,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord